tirsdag 31. desember 2019

Godt Nytt År 2020

Eg vil ynskja alle 
Eit Godt Nytt År.

luftetur ved sjøen

det er årets siste dag,
ein dag utan regn og sterk vind.
Ein liten lufteur ved sjøen
gjer godt, etter mange innedager
 her tek vinden tak
bølgjene slår kvite mot land
ein kjenner lukt av tare og sjø
 innimellom kikker sola fram frå skyene
 det er fint å stå der.
lyttene til bølgjebrus
sjå på ender som gynger på bølgjene
og måker som flakser rundt om i vinden
 strand og himmel i motlys
ein luftig og fin liten strandtur
på årets siste dag

onsdag 25. desember 2019

Regn og sol på Håtangen/Nærland

Morgonen rann
med fin soloppgang
seinare vann skyene
og det vart regn i bygene
  sol og regn ved havet
 skyene er alt frå mørke og grå
innimellom ser ein himmelen blå
 fargane er svake
 med eitt vann sola
og fargane vert sterke og fine
Ha ein fin 1. juledag

mandag 23. desember 2019

God Jul

Eg vil ynskja alle
ei god og fredfull julehelg

søndag 22. desember 2019

Leik med sand og vatn

skyene heng tunge i sør
dei er litt lysare i vest
 når bestemor og bestemorguttane dreg til stranda
målet er: leik med sand og vatn
 i nord er himmelen delvis blå
været betyr lite, bare guttane får leike med vatn og sand
 ved bilen var ein stor søledam
her var lett å få tak i vatn
og ikkje djupare enn at det var lett å springe i vatnet
to våte og førnøgde gutar 

søndag 17. november 2019

Langs Kongevegen i vekslande lys

Dama med rosa sekk på ryggen,
og ein canon i handa,
har vore på tur igjen..
over Grødaland museum,der turen starta,
var det nesten blå himmel
det er vindstille og 3-4 plussgrader
 det er stillhet og ro som rår
 sola vert snart gøymd bak lyse og mørke skyer
 lyset blir "flatt" 
og det blir ein utfordring å få brukande bilder
 sola er på vei gjennom skylaget,
med eitt vert det igjen fine farger på landskapet
 fargane endra seg i takt med lys og mengde skyer
 det var eit fantastisk skue,
lys og farger
himmel og hav
stein og gras
 med eitt blir skyene blå og grå
 deretter forvinner lyset,
og det blir igjen ei utfordring å få liv i bileta..
Ha ein fin kveld, der du er...