lørdag 26. mars 2022

Gammelbilen på luftetur

Volvoen har i 2 år vore ein del av utstillinga
på Rogaland bilmuseum, Særheim.
Bremser og anna måtte sjekkast,
før bilen fekk ein kort luftetur

litt hosting og harking
før bilens motor igjen gjekk som han skulle


Snart er vi nok å sjå på turer og treff i nærområda,
i lag med andre gammelbiler og gilde gammelbilentusiaster

onsdag 23. mars 2022

Brusand strand-Kvassheim fyr

Turen starter på Brusand
eg går ned mot sjøen, langs Fuglestadåa
Brusand strand
Fru stokkand tek til seg av varmen frå sola
den vesle linærla trippa så lett på tå
to svaner leita etter mat
Holmestø
eit populært turmål, og rastelass
her er fint å sitje i solveggen og sjå ut over havet
det vart ingen stopp på meg,
eg vandra vidare nordover
over Holmasanden
og vidare over Kvalbein strand




siste delen går langs bondens åker og eng

steinkvalen i bukta
bonden er i gang med våronna
lorten skal ut
turens mål Kvassheim fyr

ein fin tur, i fint vårvær
sol, vindstille, 
men og ein dis som heng over hav og land.
Lag deg ein god dag, der du er.

lørdag 19. mars 2022

Solnedgang

Vindstille og god temperatur
himmelen har fått kveldskåpa på
det er så fint å vandre langs sjø og strand
skyene speglar seg i vatnet på stranda
stillhet og ro




Ha ein fin kveld, der du er.

fredag 18. mars 2022

Bodle og Varhaugsstøene

Eit einsleg naust står i Bodle
like bortanfor står kvernhusa 
dei to små husa er tekne godt vare på
Tjeld i flokker fyk opp når eg går forbi
og kvitrer sin melodi
bølgjene bygger seg opp
før dei slår kvite mot land

Varhaugsstøene
herifrå rodde Varhaugslosen ut, i si tid
steinrike Jæren

stein har alltid vore brukt som byggematerale
 i hus, hytter, uthus, løer, naust m.m.
trevirke var det mindre av,
men vart brukt på deler av bygga.
eg sat lenge i solveggen
kjente sola varme om kinn
lytta til bølgeskvulp og fugleskrik
det er ei fin tid vi går i møte
det var mest som om eg ikkje hadde lyst å ta turen heim att.

torsdag 17. mars 2022

Måne og solnedgang

Etter ein våt og vindfull dag,
kikka sola framom like før ho gjekk i havet.
Eg tok ein tur til Nærland strand,
for å ta til meg av sola sine siste stråler.
Månen kom opp frå skyene,
klar for nattevakt
ein måne/sol fotoserie utan mine ord 












Ha ein fin kveld der du er