onsdag 30. april 2014

Tur til Månafossen og Mån

Innerst i Frafjord, på Eikefjord,
starter turen oppover mot Månafossen.
Stien er bratt, men bedre å gå nå,
etter at skjerpaene har laga "trappetrinn" det første stykket.
 - undervegs er det tilrettelagt med trapper og kjetting
i dei brattaste partia
 - Månafossen har eit fritt fall på 92 meter,
og er den høgaste fossen i Rogaland
 - vi er tidleg ute, og fossen ligg fremdeles i skyggen
 - vi går vidare oppover
 - fossen ser ein frå fleire plasser
 Og når liane grønkar som hagar,
når det lavar av blomar på strå,

og når netter er ljose som dagar,

kan han ingen stad venare sjå.

("Mellom bakkar og berg" Ivar Aasen)

 - deler av stien går over stokk og stein,
seinare gjennom skog
 - før ein kjem inn i Måndalen, og landskapet åpner seg
 - Her på Mån, ved innfallsporten til Fidjadalen,
budde det folk heilt fram til 1915.
 - Jærens Friluftsråd har restaurert den gamle fjellgarden,
her er sengeplass til 30
 - det er mulighet til å overnatte på fjellgarden
  eller ein kan ta med telt.
 - har ein fiskestanga med,
er det gode muligheter til å få ein fjellaure på kroken
 - etter ein god rast i solskinet,
tek vi fatt på nedturen
 - sola har nå nådd fossen
 - vi ser alle regnbuens farger i dråpehavet
 - to fotografer på tur,
ser stadig nye motiv rundt fossen
 - store krefter i sving her,
og vi vert litt "bergtatt" av å sjå på vatnet 
som fosser nedover
 - til slutt må vi snu ryggen til foss og eit vakkert "stykke Norge",
for å ta fatt på siste biten ned til parkeringsplassen
- om ein tek tida til hjelp,
så vil dei fleste klare turen. 
Ein må rekne ca 1/2 time opp til fossen, 
og 1 time kvar veg til Mån.

tirsdag 29. april 2014

Ein solnedgang på Jæren....

Den siste tida har vi hatt mange fine solnedganger på Jæren.
Denne vart litt spesiell,
då røyk frå ein lyng og grasbrann i Time Kommune kom sigande,
 og danna eit mørkt skylag i havet...
.
Himmelen hadde allerede fått eit oransje skjær,
då vi kom ned til stranda.
- sola hadde fortsatt eit stykke igjen,
før ho gjekk ned i havet
- røyken frå brannen lenger inne i landet,
danna ei lang mørk sky
- dei siste minuttane før sola forsvinn i havet
vert eit fint skue i fargar og røyk
- sola har teke kvelden
-  røyk og dis fargar no himmelen
- ein brann i seg sjølv er alltid uhyggelig og skummel,
men på avstand vart det til noko vakkert denne kvelden....

søndag 20. april 2014

Ved og i nærheten av Lysefjorden.....

På vei over Høgsfjorden,
 - Oanes ligg der Lysefjorden starter
 - rast ved Preikestolhytta, på nordsida av Lysefjorden, i Strand Kommune
- ro, stillhet, bekkebrus og sol som varmer....
 - vi køyrer innover langs fjorden, på sørsida, i Forsand Kommune
- Eidevatnet 
 - speilblankt og stille
 - nesten magisk....
 - leik med forrige bilete...
 - det er vanskeleg å sjå seg mett...
 - eit stykke lenger inne i dalen,
køyrer vi opp på fjellet,
til Skrøylå, ein parkeingsplass på toppen ovanfor Fossmark,
med utsikt til Preikestolen og Lysefjorden.
Vi går eit stykke innover traktorvegen
 - vi ser ned på gardsbruka på Fossmark
  over fjorden til Preikestolen
- når eg zoomer litt,
ser eg at mange har teke turen opp til platået i finværet
 - det er mulighet for lengre turar i dette området,
vi gjekk kun ein kort rusletur som planlagt
 - ein hoggorm piler fort avgårde,
med fotografen på slep,
og tilslutt det vart eit brukande bilete
 - Vi setter kursen nedover dalen,
 mot Eidavatnet og Eiane
 - og vidare heimover...