tirsdag 27. november 2018

På tur i Sandtangen

For ei tid tilbake,
var det ein som la ut "kontaktannonse"
i håp om få nokre turvenner

Eg går som regel åleine,
men kjenner av og til 
at det ville vore morro å ha andre med seg..
Eg svara på annonsen,
og i dag var mitt første møte med turgjengen.
Eg var litt skeptisk i forkant:
- kva om eg ikkje går fort nok,
- kva om eg ikkje kan gå langt nok,
samt andre tanker svirra i mitt hovud.
Eg har alltid vore den som har rusla etter,
i eit tempo som er litt meir sakte enn andre.
Eg har alltid vore bremsen,
for faktisk så har eg ei begrensning når det gjeld lengde.
Det er ikkje vilje eller tanker 
som styrer kor langt eg kan gå,
det er huda mi...
Ein genetisk feilkobling gjer at huda mi
ikkje heng like godt fast som hos andre....
 det som oftast blir vanskeleg,
er når eg må snu 
og andre har tenkt å gå lenger
 eg var klar på at ein avtale skulle gjerast før vi starta,
slik at alle visste at eg syns det var greitt å snu åleine,
og tusla tilbake i mitt eige tempo,
 vi gjekk avgårde,
praten gjekk livleg,
det var mest som ein gløymde av kor langt vi gjekk.
 tilslutt sa huda mi klart i frå,
nå må du snu,
om du skal klare å gå heile vegen tilbake til bilen.
 eg tusla avgårde,
fann fram kameraet og studerte livet rundt meg
 eg skulle ønskt at eg kunne hatt rast i lag med dei andre,
men hadde tenkt gjennom det på førehand,
og hadde rast ved vannkanten
såg på fuglelivet,
speglingar i vatnet
kjende på roen rundt meg
Snart er eg klar for ny tur med gjengen,
men skal då gå frå motsatt ende,
som er kortare i avstand.
Eg, og kanskje eit par til,
går gjengen i møte, 
vi går saman siste stykket før matpausen.
Om ein berre ser mulighetane,
så er det mangt ein kan gjera,
for å få ta del i fellesskapet, 
på ein enkel måte.
Eg gler meg til å møte gjengen på ny.

mandag 26. november 2018

Langs veien...

Fototur langs veien
vi stopper der vegkanten tillater det
mellom berg og fjell 
der den lave vintersola ikkje når ned
Moi, Bjerkreim
 vi har ein rundtur inn i landet
her er det ikkje langt mellom flate Jæren og halvhøge fjell
 det er rim på tre og gras
 her og der is rundt steinane i bekk og vatn
 vatna er speilblanke
Røisland, Bjerkreim
 innover mot Gloppedalsura 
som ligg i Bjerkreim og Gjesdal
utsikt frå ura
 Gloppedalsvatnet er delvis islagt
 motlys
 fint å bruke kvarandre i motivet..
ein fin og vinterlig dag her vest...
måtte vi bare få fleire slike dagar

fredag 23. november 2018

Tur ved Aurenes og Tjålandsvatnet

Det er frost
sola har ikkje funne veien ned mellom berg og fjell
alt har fått rimkåpa på
 når eg kjem litt oppover
ser eg utover Tjålandsvatnet som bader i sol
 eg rusler fortsatt i skyggen
 knallblå himmel
ikkje eit vindpust
frisk frostluft
ein kan nesten ikkje ha det bedre...
 oppe på "min" topp er det is på dei små vatna
 isrose
 stillhet og ro
sol som varmer
utsikt like til havet
i dag ligg skodda og lurer ute i havet - langs heile Jæren
 eg har mest lyst å bare vera vidare i dette vakre lanskapet
å ta til meg av sol, stillhet og ro..
 berg og stein speglar seg i vatnet
Ha ein fin fredagskveld!