fredag 30. mars 2012

Kvassheim Fyr


 - her er målet for turen, Kvassheim fyr på Jæren
- På Kvassheim er fyret i dag i bruk til utstilling, 
det er også mulig til å få kjøpt seg ein kopp kaffi med noko attåt.
 - oppe i fyrtårnet kan ein sjå langt utover flate Jæren
 - Kvassheim havn ligg godt skjerma innafor moloen
 Kvassheim havn/fyr er eit godt utgangspunkt for turar langs med havet

lørdag 24. mars 2012

Kveld ved havet...

Sola var på si ferd mot havet,
når vi starta vår kvelds tur
 - vi starta på Nærland strand og gjekk sørover
 - vi går langs steingardar
 - går nedom ei anna strand - som eg ikkje kjenner navnet på
 - i det vi nærmar oss Håtangjen/Voien,
 - begynner landskapet å få ein gyllen farge
 - det er nesten heilt stille på sjøen på sjøen også
 - naust i kveldsol
 - Tjelden har samla seg i flokk på steinane
 - vi snur og går tilbak
 - samtidig som sola får kvelds fargen på,
- nedanfor viser eg ein miniserie frå solnedgangen den 23.02.2012
- vi er tilbake til utgangspunktet i det sola forsvinn ned i havet ...

torsdag 22. mars 2012

Rusletur langs sjøen

Refsnes strand er stranda eg brukast mest, til korte turar.
Det er kort vei, frå der er bur til denne stranda.
 - skodda var i ferd med å trekkja seg ut i havet då eg starta min rusle tur
 - eg hadde stranda for meg sjølv - ja, eg og eit par måker
 - sola varmar og det er nesten vindstille 
 - måken spring i sjøkanten
- det er godt å gå slik, lytta til fugleskrik og bølgjer som slår mot land 
 - det er godt å kjenna at ein vert varm i kinna av strålene frå sola
 - her ved dette neset mellom Refsnes og Nærland
er det alltid eit yrande fugleliv
 - på Nærland strand heldt ein flokk med Tjeld til
 - eg går tilbake langs bondens steingard
- her endar dagens fine og energi gjevande tur.....

søndag 18. mars 2012

Vår i Rogaland Aboret

Ein fin vårdag har vi hatt på Jæren i dag,
sol frå blå himmel og berre eit lite vind drag i lufta.
 Me (og mange andre) valgte å ta ein tur til Rogaland Aboret
Ved første øyekast ser det meste fargelast og brun grått ut,
men når ser ein litt nærmare etter,
 kan ein sjå små spirer både her og der.
 - våren er komen godt i gang her
 - her kan ein gå langt eller kort, langs vatn eller gjennom skogen
 - ei stokkand i eit av vatna
 -vår runde er  snart over for i dag.  
Vi går under dei høge rette trea, og tenkjer at på neste gong vi tek turen hit, 
det må bli i blomstringa til Rhododendronen 
- det skal visst vera eit flott skue.