lørdag 25. mars 2023

Ølberg. Etter regn og før sol

Ølberg havn
det er stille i havna

regnet har stoppa,
og tunge skyer ligg over området

fuglen oppe på berget er sliten av vind og regn
fiskaren sitt utstyr ligg både her og der


mange går tur langs strand

andre ordner alt før vielse på stranda

fint å rusle rundt i området,
og ta til seg av det natur og plass byr på

torsdag 9. mars 2023

Skyer og snø. Hå-Nærland

Ein sjelden fin vinterdag på Jæren
Dagen kom med sol frå blå himmel
og kun eit lite vinddrag i lufta
skyer er på veg inn frå havet
då eg starta min tur langs vei og sti
nausta på tangen
Tjeld fauk i flokk
Håelva renn stille mot havet
det er ikkje ofte vi har slike dager
der snøen ligg heilt ned i sjøkanten


ennå er det bare mine fotspor å sjå

på bilveien har mange gått før meg
mange har og vore utover mot tangen
skyene i ute havet vert mørkare

Vågen/Voien

eg svinger av veien og rusler mot Selvågen
snøen er nok ikkje langt unna


snøbyge på vei inn mot land

der auka vinden
og snøen kom mot meg.
Fine timar ute i sol og snø
 

torsdag 2. mars 2023

Langs Kongeveien, Grødaland-Obrestad

Ein fin vårdag på Jæren,
sol frå blå himmel og lite vind.
Det kribla i turfoten,
og lysta til å vandre langs Kongeveien,
vart større og større.
Det er lenge sidan eg har gått denne turen,
mest fordi at det har vore i lengste laget,
for min slitne kropp.
Eg starta frå Grødaland museum,
eit eldre gardstun. 

ut mot havet....
eg går nordover.
Eg vandrer gjennom ein del av steinrike Jæren
der det og finns utallige gjerdeklyvere
stien går ytterst mot havet,
i utkanten av bondens mark og eng
husa på Sør-Reime
Sør-Reime mot Reime


nausta på Reime
stein på stein






det gamle båthuset på Reime
skrøpelig og falleferdig har det vore i mange år,
men står mot storm og uvær år etter år


mot Obrestad


der eg kom i frå

Obrestad havn


trøytt og sliten kom eg fram til Obrestad
og glad fordi eg klarte å gå turen.
Den "store" styrkeprøven denne våren.