fredag 27. november 2020

I solnedgangen

Det vart i liten tur til stranda,
i det sola var på vei ned i havet.
det var så mange mønster og striper,
laga av bølgjer på vei inn og ut

sola gøymde seg snart bak mørke skyer


to ivrige på brett,
der utanfor det ytterste skjær


månen er på veg opp,
og klar for si nattevakt


Ha ein fin kveld,
der du er.

søndag 22. november 2020

Grått og blått, Håtangen/Nærland

Etter dager med vind og regn,
kom denne dagen med gråblå skyer og litt vind.
eg vandrer åleine langs steingard, sti og vei
eg fekk mang eit nikk, smil og hei
og følte meg slett ikkje åleine på min vei
fuglar fauk i flokk
rester av gårsdagens snø,
låg ennå langs steingard og sti
Håtangen
nausta på den vesle tangen
der Håelva møter havet.
det ser ut som om der er tomt og stille,
men mang ein vandrer tek ein rast der,
på benken, i ly for vind og vær.
skyer er for det meste blå/grå
men innimellom kan ei skimte himmel utan skyer på


skarven er på sin vante plass
på steinane ytterst mot storhavet
i motlyset
sola gjer eit tappert forsøk på å sleppa gjennom skylaget
ein forfriskande tur ved sjøen

søndag 8. november 2020

I solnedgangen

Ein solnedgang på Jæren
sola gøymer seg bak skyene,
og sender ut sine fargestråler


ein liten lysflekk mellom skyene,
og snart er sola gått ned bak skyer og dis
Dinosaur rusler forbi

Lys og farge blir svakare,
og snart har skodde og dis lagt seg over landskapet
 

fredag 6. november 2020

Ved Figgjoelvas utløp, Sele og Bore strand

Turen går i dag til Sele og Bore,
Der Figgjoelva møter havet.

grå skyer dekkjer det meste av jærhimmelen
elva er stor
mange fine steiner på min vei
skyene går over mot mørk blå
vatnet i elva,
møter havet i stor fart
hengebrua som bind Bore og Sele saman
Feistein fyr



steiner i mange former og farger






Eg avslutter turen med ein rast i Tangarstø,
Sele havn

bølgjene slår til tider hard mot moloen

Dei fargerike fine nausta i småbåthavna,
er å finne på mang eit foto