Viser innlegg med etiketten kveldssol. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kveldssol. Vis alle innlegg

mandag 16. september 2024

Sola går av vakt, og månen starter nattevakta

ein liten fotoserie frå kveldens solnedgang





månen starter på nattevakta

Ha ein fin kveld
 

torsdag 5. september 2024

I solnedgangen, Nærland, Jæren

Kalenderen viser 5. september
Dagen har vore varm (29-30 grader)og solrik.
Stranda var full av store og små som bada og kosa seg.
Sola seier takk for i dag,
på ein fin og fargerik måte.
Gradestokken viser fortsatt 25-26 grader etter at sola er borte
I dag får bileta fortelja om farger og former








Ha ein fin kveld
 

søndag 5. februar 2023

I solnedgangen, Nærland/Refsnes

ein liten tur på stranda,
medan sola var på veg ned i havet
det er ein kald og frisk vind
bølgjene blir "tatt av vinden" når dei slår mot land
himmelen har fått kveldsfargane på



Det er bare å nyte dei siste strålende frå dagens solnedgang

lørdag 24. desember 2022

I solnedgangen

Det er kvelden før kvelden - lille julaften
ein fin og stille dag går mot kveld.
Det vart ein kort tur til stranda,
i det sola seier takk for i dag

leik i vannkanten



gutten hadde det morro,
om sko og bukser blir litt våte,
gjer ingenting
Eg vil ynskja dykk alle
ei fin og fredfull julehelg.
 

lørdag 3. september 2022

I solnedgangen


Her har vore fleire fine solnedganger i det siste.
Eg har ikkje hatt anledning til å ta turen til stranda,
før i går.
Det var nesten magisk,
ein varm og vindstille seinsommardag i september.
Mange hadde funne veien til stranda,
sat over alt, tok til seg av det denne kvelden kunne by på.
Mange bada, med ein vegg av kveldsfarger,
som "sceneteppe"
stillhet og ro preger øyeblikket
nokre fugler fyk i flokk
andrer leiter etter mat i sjøkanten.
skyene endrer form og farge,
etter kvart som sola nærmar seg "havets kant"

det var så magisk
farger, stillhet og ro,
det var som om ein ikkje kunne sleppe taket
på kjensler og opplevelser.


månen er klar for sin nattevakt,
og sender sine stråler innover mot stranda.
Sola har enno ikkje 
gått av vakt og farger framleis kveldshimmelen,
med mange nyanser i varme farger


mang ein fotograf foreviga denne magiske kveldsstunda
Ha ein fin kveld,
der du er.
 

lørdag 16. april 2022

I solnedgangen, Nærland strand

Det er ein kald men fin kveld.
Mange har funne vegen til stranda.
Eg høyrer ukjente språk,
Mange frå mottaket i nærheten
har nok og funne vegen hit denne kvelden.
eg vandrer i eigne tanker
og studerer liv og fargespel rundt meg
gildt å finne slike teikninger på stranda
Med eitt blir eg oppmerksom på noko ukjent i sanden
eg spenner forsiktig vekk litt sand,
for å sjå meir av skapningen.
Dette er nytt og ukjent for meg.
Skapningen har armer både her og der,
som beveger seg som klør på krabber.
Medan eg studerer skapningen,
kjem ei dame til meg og lurer på kva eg gjer..
Ei ukrainsk dame frå mottaket,
ho er svært interessert,
og vi fann tonen med det same.
Praten går, fleire norske kjem til,
det går i ting om Ukraina og Norge.
Dei andre går og vi to står igjen,
praten og tida går.
det er nesten som om eg gløymer det eg kom for,
- å fotografere solnedgangen
Vi blir ståande så lenge,
 at kjølen sneik seg innafor kleda,
vi vart kalde begge to.
I slike høve er facebook ein fin ting,
vi fann kvarandre der.
Dama frå Ukraina var raus med klemmer,
bukka og takka for fin samtale
og for oss gode, gilde og gavmilde nordmenn.
Dama sprang kald og glad mot mottaket
eg tok ei par bilete og gjekk mot bilen
Først då eg kom i bilen,
kjende eg at kjølen 
og var komen skikkelig 
inn under mine varme vinterklede.
Eg tenke på dama frå Ukraina,
som hadde mindre klede enn meg,
verken hue eller votter....
Eg var glad og tankefull på vegen heim att.
Det er ein ting å nyheter om krigen via TV,
der er noko heilt anna å få ei personleg oppleving så tett på.
Vi har halde kontakten,
og seinare har dama vore heime hos meg.
Vi hadde ein endå lengre samtale,
om fortida, nåtida og håp for framtida.
.
Det vert nok snart eit nytt besøk i min heim.