onsdag 11. juni 2025

Litt rundt omkring på Shetland

Med buss køyrde vi Shetland på kryss og tvers.
Det vart korte og lengre fotostopp her og der,
samt litt fotografering frå bussen i fart.
Allerede før vi hadde nådd hotellet, første dag,
gjorde vi nokre stopp.
I Hoswick besøkte vi designer Niela Nell,
(meir om det i handarbeidbloggen)
Sauer på beite og små klynger med hus,
såg vi over heile Shetland
murhus er det tradisjonelle på Shetland
ofte me ei pipe i kva ende av huset


Hoswick ligg i sør, heilt ute ved havet.
Shetland har fleire fine strender å by på
her kan ein gå tørrskodd over til øya der ute.
Vi svinga kun nedom,
for å fotografe stranda.
Akkurat då vi var der,
skein sola ei kort stund
her skrår landskapet ned mot havet
akkurat her, er det grønt og frodig,
andre deler og øya, er dekka med torv

nok ei strand.
her kan ein av og til sjå ganske mange sel
oppe på stranda.
den dagen såg vi kun to ute i sjøen, nær stranda

nok ei strand vi køyrde forbi

vi nærmar oss sydspissen av øya,
her det flatt,
like etter kjem vi til fyrtårnet, Sumburgh Head,
(sjå forrige innlegg)
som ligg på ein høyde
vi er nordover på Shetland,
den vulkanske delen av øya
Her er det ein dramtisk klippekyst.
veret var ikkje på vår side her,
det bles kraftig og regna godt til tider.

kort stopp ved dette utsiktpunktet
fotografering i vind og regn

veret skifter fort på Shetland


her og der, kan ein nå sjå "norske hus"
fargerike trehus 





steingardar ser ein over heile Shetland
Mavis Grind
kort stopp for fotografering
Dette er det smalaste punktet på øya
ca 90 m mellom Nordsjøen og Atlanteren
Vikingane drog båtane over her,
 i staden for å ro rundt.
her ser ein og rester frå krigen
steiner som skulle stoppe tyskarane å kome i land 
med sine tanks osv

90 meter andre vegen



her har vi køyrt forbi tidlegare,
denne gongen i sol



på Shetland er det nesten ikkje tre
landskapet er ope
og vinden tek godt tak


eit av dei finaste utsiktpunkta på øya,
i følge bussjåføren
Det mørke feltet til venstre for trea,
er torvskred.
Det tek naturen mange år å byggje seg opp att,
etter slike skred.
langt inne på øya.
Eg trur det må liggja i den einaste skogen vi såg,
er huset som Shetlandslarsen brukte til planlegging mm



Sidan vi farta så mykje rundt,
og fotgraferte ein del frå bussen,
er det ikkje så lett å hugse alle navn på plasser,
eller kor vi var på øya.
Nokre plasser køyrde vi forbi fleire gonger
 Ei øy som har mykje å by på

mandag 9. juni 2025

Sumburgh head og Esha Ness fyrtårn

Ei veke på Shetland, med mange opplevelser.
Ull, kultur og historie er tema for turen.
Lange dager, med turer på kryss og tvers over øya,
samt ei par øyer der vi måtte ha ein kort ferjetur.
Eg har valgt å dele opp turen i fleire innlegg.
Det som har med handarbeid å gjera,
skriv eg om i handarbeidsbloggen min.

Vi besøkte to fyrtårn på turen.
Begge låg på fjellknauser,
med god utsikt utover hav og land.

Sumburgh head
sola skein og vi hadde ei fin stund der.
ved fuglefjellet fanns det fleire typer fugl,
og fargerike fjellsider.
Lundefuglen som hekker her,
var ikkje å sjå
her og der var det store samlinger med fugler
det skal ikkje store plassen til,
for å ha plass til reir 



parkeringplassen ligg og fint til


sjølv om her er ope og forblåst,
finn ein eit mangfold av blomar
Sumburgh head fyrtårn


steingardane er bygd på denne måten,
over heile Shetland.
Dei øverste steinane er plassert slik,
for at sauen ikkje skal hoppe over



Esha Ness fyrtårn
Her er landskapet litt annerledes,
klipper som stuper rett ned i havet.
Her er værhardt.
Vi har hatt mykje vind og regn på turen.
Det er ca 60 år sidan dei opplevde ein slik vind.
her som mange andre plasser,
så var det opphald i det vi steig ut av bussen.
Alle sleit med å halde seg oppreist,
og kameraet i ro nok til å fotografere.


etter ein kort fotoseanse,
går vi til andre sida av fyret,
og slusene opnar seg.

Av den grunn har eg fotografert litt med speilrefleks, 
og litt med mobilen, heile turen

Det var berre å "springe" tilbake til bussen.
våte, men ein flott opplevelse likevel.