Langs fylkesveg 44 ligg Brusand
ei lita bygd i søre delen av Hå kommune.
.
Brusand sett frå sanddynene
.
Eg parkerer bilen på austsida av vegen
og går vestover mot havet.
.

Det første eg passerar er "Hitlertennene",
ein lang steingard med fleire rekkjer av steinblokker og betongblokker.
I 1942 starta tyskarane bygging av tanks sperring på Brusand,
fordi dei frykta ein alliert invasjon frå sjøen.
.

Fuglestadånå møter havet her.
.

Brusand strand, den siste av dei lange sandstrendene
før landskapet endrar karakter
.
og flate Jæren går over i kuppert landskap.
.

Eg går nordover - mot Kvalbein
.

På Holmestø finn ein tre av dei tradisjonelle båthusa på Jæren
.

bygd opp av steinvegger, med tretak/takpanner og dører.
.

700 m ut i havet ligg Raunen, ei av to øyer på Jæren.
- ser nesten ut som styrehuset på ein båt, frå denne kanten.
.


- over bukta, ser ein fjellandskapet
som fortset sørover i fylket
.

Eg går over sanddynene på tilbakevegen
.
ser ut over blått hav, kvite bølgetopper, stein og sand.