onsdag 15. november 2023

Innom Karasjok og Kautokeino

Ein tur over vidda,
mot Karasjok.
Det vart liksom aldri lyst denne dagen.
Når ein er sjåfør deler av vegen,
vert det lite fotografering...
litt snø, delvis isete veier
det vart ein fin og magisk tur
Store vidder i nordnorsk vinterlys.
Vi fekk beskjed på førehand,
at det kunne vera mykje rein langs veien.
Vi såg  og såg etter reinen.
Plutseleg stod ein heil flokk eit lite stykke frå veien, 
på ein stor parkeringsplass,
vi stoppa i veikanten ei god stund,
og tok til oss av det vi såg, 
sikkert mor og kalv,
desse kom gåande til/etter flokken



vi kjørte vidare,
og snart var det ein ny flokk på andre sida av vegen..
her er det bare veien og gjerdet,
mellom oss og flokken

Etter ein tur innom Finland,
eit stopp i Karasjok,
set vi kursen mot Kautokeino.
Juhl`s Sølvsmie er målet.
Den første sølvsmia i Finnmark - frå 1959.
Herr Juhl fekk ikkje gjort ferdig sin tommel og avtrykk før han døde.
Slik uferdig vil det alltid bli,
for ingen kunstner gjer ferdig ein annan kunstners verk,
seier fru Juhl.
Fru Juhl har arbeida med denne veggen i 30 år,
veggen er fyllt med stein og andre ting,
Frå sin plass oppe under taket, kom ho ned til oss,
og tok seg god tid til å fortelja/svare på spørsmål.
Dei kvite felta, skal ho fylla med rosinstore steiner (fås kun kjøpt i Italia)
deretter går ho rundt med nål,
for å ta bort overflødig lim.
Heile veggen skal fortelja ei historie, i følge fru Juhl
Juhl´s sølvsmie


Det er like før mørkret er over oss,
og vi set kursen tilbake til Alta.
Lang tur,
med mange opplevelser på veien.
 

lørdag 11. november 2023

Nordlys, Eiby, Alta

Denne gongen var eg så heldig å få sjå litt nordlys.
Ikkje det sterkaste og mest fargerike,
men for oss jærbuar,
ein fin opplevelse.


om ein ser godt etter,
så ser ein Karlsvogna på eit par bilete.




nordlyset dabber av,
kun rosa og grønt skjær igjen på himmelen.
 

tirsdag 7. november 2023

Lathari og Alta sentrum

Lathari - ein mykje brukt plass
til badind, leik og tur.
Sjølv for ein Finnmarking,
frister det nok lite med eit bad denne dagen.
Det var nokre minusgrader og kald vind.
lyset endrer seg stadig,
og fargespelet i sjøen var flott







kalde om kinn, er det godt å koma seg i bilen att
Inne i sentrum får ikkje vinden ta tak på same måten.
Vi rusler ein runde,
både ute og inne.
Skiferarbeideren
Gågata mot Nordlyskatedralen

Nordlyskatedralen
Alta er ein liten koselig by 
 

mandag 6. november 2023

Fin flytur nordover

Flyturen nordover baud på skyer og sol,
mellom Tromsø og Alta vart blått i blått, og snøkledde topper
eit fint lys og flott skue


vi nærmar oss innflyging i Alta
og fjelltoppane kjem tett på


Altafjorden og like før landing

søndag 8. oktober 2023

Kjervall, Eigersund kommune

Ein fin og vindstille haustdag.
Turen går sørover til Eigersund kommune
enno er ikkje haustfargane på topp
men her og der har blad og gras bytta farge
fine speglingar i vatnet




som vanleg, når vi er på desse kanter,
så har vi rast på det vesle tunet på Kjervall




ein tur nedom vatnet,
er og ein del av det å besøke denne plassen



mange gode minner frå ei svunnen tid,
om tider då vi var oftare her. 
Plass, natur, stillhet og ro,
ein fin plass, der eg liker meg godt.