lørdag 6. september 2025

Gjennom ruta på gammelvolvoen, Ålgård-Holmen camping, Sirdal

Bilentusiaster på den årlige turen,
frå Jæren til Holmen camping, Sirdal.
Sol frå blå himmel, vindstille,
ein fin dag å kjøre mellom berg og fjell.
Ålgård er møteplassen
turen går via Oltedal, Byrkjedal, Hunnedalen osv

like fint der sola ikkje når ned






det er sauesanking i desse tider,
sauene ligg i veikanten,
eller går langs med veien,
og bryr seg lite med andre trafikanter







Holmen camping,
her samlast gjengen rundt bordet,
til kaffi og drøs







ein fin dag på alle måter

mandag 16. juni 2025

Lerwick, Shetland og litt blomar

Glen Orchy House,
hotellet og base for vårt opphald på Shetland.
Bygget var ein gong eit kloster.
Glen Orchy ligg oppe i høyden,
det er nedoverbakke til sentrum og havna
og ein laaaang oppoverbakke på tilbaketuren
det er ikkje lett å sei om det er vanlige hus,
kyrkjer eller andre bygg ein ser på.
St. Olavs hall, litt uvisst kva denne er brukt til i dag.
f.eks. fleire kyrkjer er gjort om til andre formål,
som bibliotek, butikk eller andre ting
same kor ein går,
er det lett å orientere seg.
Det finns Lain (gangveier) over alt,
denne går alltid i retning nedover mot sentrum, havna.


dei aller fleste husa er grå murhus,
med like piper på taket
Town hall
Rundt 1880 starta planlegginga
av dette bygget.
det gjekk 2 år før bygget stod ferdig.
Det er seinare restaurert.

Storsalen har fine glassmaleri
går ein tett på,
så kan ein finna mykje historie i glasa.
- samarbeid i norden,

Håkon Håkonson til venstre
Margarita, Norvegia til venstre
For den som har sett på 
Shetlandskrimmen, dette er politistasjonen i serien,
huset er ikkje politistasjon til vanleg
Lerwick havn er ikkje så stor,
men nesten dagleg kjem det inn store turistskip

industri tett på sentrum
roleg del av havna
Sjølv om øya har eit ope landskap,
og lite tre som tek av for vinden,
ser ein fine hager over alt


blodsdråper som hekk,
denne trivst veldig godt her,
og må visst klyppast fleire gonger om sommaren
folket her er flinke til å ta vare på den hageflekken dei har




drivhus er og mykje brukt

det er utruleg kva dei finn plass til inne i eit drivhus,
både blomar, bær og frukt



dette er siste innlegg frå Shetland.
Ein tur eg vil minnast lenge.