søndag 1. september 2013

I mine besteforeldres fotspor....

Her budde bestefar i alle sine leveår,
- på eit anna gardsbruk - langt borte frå heimen til bestefar,
budde ho bestemor som liten.
- så kan ein lure på korleis dei møtte kvarandre, desse to...
- Når bestefar var med og førte dyra til sommarbeitet,
måtte han gå forbi barndomsheimen til bestemor....
- medan bestefar var med resten av familien og dyra innover i heia,
tenkte han nok ofte på veslejenta han hadde sett på veien....
Historien fortel at bestefar må ha vore ein tålmodig mann,
for det seiest at første gong han såg den velse småjenta, då var han allerede blitt ein ungdom....
Åra gjekk, bestefar venta og venta på at jenta skulle bli gamal nok..
Ja, som du nok allerede har forstått, så vart det dei to...
--------
- det er lett å gå veien i dag, då deler av turen innover går på traktorveg,
mot i eldre tider då det var ein smal sti, 
som seinare er blitt steinsett
 - Stølen som i dag berre vert brukt sporadisk, 
til turar, ei og anna overnatting,
ligg vakkert til oppe i lia.
 - mykje hardt arbeid er lagt ned opp gjennom åra med å utbetra sti og bru
 - fem støler er samla på eit tun
 - denne vesle bygningen romma det mine besteforeldre trong...
 - utedoen står plassert slik at med døra open, 
har ein utsikt over dal og fjell, ut mot havet
 - eg vandrer litt oppover lia,
og får ein flott utsikt over området
 - spreke og lette til beins,
ja det vart dei nok, etter å ha gått mange gonger opp og ned her,
for å passa på buskapen
 - ein idyllisk plass, eg skulle ynskja eg kunne besøkt oftare
 - før eg tek farvel med stølen denne gong,
sit eg på steinane i solveggen, og tek ein velfortjent matpause.
Tankane går til mine forfedre,
og på stundene eg har hatt med mine her oppe.
Medan tankane flyg,
får eg auge på denne revebjella som står der åleine tett ved husveggen.
 Ei einsleg revebjelle i solveggen,

rakryggja og vakker i sin ungdomsvår...

Det går mot haust, 
revebjella som no har gjort sin plikt i livet,
er krokryggja og snart avblomstra...

 - Ein del av etterkomarane var og nettop samla på stølen,
der bestemor og bestefar hadde mange somrar saman etter at dei vart gift.
På få dagar har eg hatt to fine turar til stølen.

9 kommentarer:

  1. Nydelege minner du deler!
    Han var villig å vente på den han fekk kjær :-)

    Vakre bilete frå ein vakker plass.

    Fin, fin søndag til deg!

    SvarSlett
  2. lovely area and a nice serie photo's Ruth....i like this post.

    Greetings, Joop

    http://joopzandfotografie.blogspot.nl

    SvarSlett
  3. Gripande faktisk å lese denne historia med bilde til. Tenker så ofte på dei som gjekk føre meg i mi slekt også. Spesielt farmor og farfar som eg aldri fekk møte fordi dei begge var borte før eg vart fødd. Det ligg ei bunke kjærleiksbrev i huset vårt som dei skreiv til kvarandre før dei gifte seg.
    Dei fekk ikkje noko "dans på roser" liv. Masse hardt arbeid for seg og sine. Dei fekk ti barn, men opplevde at tre av dei døydde som barn og to som unge vaksne. Har høyrt masse positivt om dei, spesielt farmor. Skulle så gjerne møtt henne........

    SvarSlett
  4. Så koselig å kunne vandre på de stiene der dine besteforeldre
    gikk i alle år. Flotte steder. Og mange fine gamle hus.
    Har vært på ei gammelstøl i dag, som fortsatt er i drift.
    Ønsker deg ei riktig god første septemberuke :)

    SvarSlett
  5. Koselig historie og fin tur.
    Klem

    SvarSlett
  6. Livet var annerledes før, men drømmene om kjæreste og familie var nok de samme. Tenk han som venta så mange år..... Det hadde nok trolig ikke skjedd i dag. Rørende historie du deler.

    Fortsatt fin mandag!

    Klem

    SvarSlett
  7. Flotte bilder fra en fin tur. Det er alltid både vemodig og tankevekkende å vandre på stier man har en tilknytning til. Dette har du bundet flott sammen i din formidling til oss.

    SvarSlett
  8. Det er alltid både tankevekkende og vemodig å trakke gamle stier etter ens forfedre. Dette har du formidlet til oss på en flott måte, både med bilder og tekst.

    SvarSlett
  9. Flott innlegg!!!
    Tusen takk for at du delte.

    SvarSlett