torsdag 13. desember 2012

snø + vind = rennedrev dag 2

Det har snøa tett i eit døgn, og det sånn ca 1 meter med snø hos oss
- det er ikkje ofte at det kjem så mykje snø på ein gong, her på Jæren.
 - sånn midt på dagen tok eg meg ein tur ut,
- ved alle innganger til huset, ligg store snøfenner....
 - det blåser godt, det er kaldt, og tungt å kava seg fram over snøfennene,
så det vert ein kort runde mellom husene
 - vinden tek godt tak i snøen

 - buskane heng tunge under snømengden
 - somme tider kan vi ikkje sjå husa til naboen
 - her er ein bil og ei inngangsdør....
(her vart all snøen måka bort i går kveld)
 - no i ettermiddag vart det ein liten pause i uveret
 - vinden roa seg og det slutta å snø
- vakkert når snøen ligg stille og kvit på bakken....
- så spørs det om den stive kulingen som er meldt, 
får fart på snøen igjen, i løpet av natta og morgondagen.

onsdag 12. desember 2012

snø og vind = rennedrev

Her på Jæren har me i det siste hatt kaldt vintervær,
med klar blå himmel og fine solnedganger

- i dag kom værskiftet
det vart mildare, vinden auka på og snøen lava ned.
- først stakk eg berre kameraet såvidt utanfor døra
og tok bilete derifrå.
 - etter ei stund måtte eg berre ta meg ein tur ut....
- snøen hadde til og med hengt seg fast i spindelvevet 
 - snøen hadde allerede begynt å samla seg i snøfenner
 - det bles godt og snøen kom på tvers
 - det var kaldt, så eg gjekk ikkje så langt
 - desse bileta tekne rett utanfor bygningane på gardsbruket...
 - det er godt å koma inn att i varmen...
- når ein ikkje må ut, 
er det fint å sitja inne og sjå på snøen som fyker forbi...

søndag 9. desember 2012

Vinter på Jæren

Bilete frå ein køyretur langs Jæren, i søre del av Hå kommune.
Grå skyer dekker det meste av himmelen,
men ute i havet fargar sola himmelen med ein svak gul/oransje farge.
- første stopp er i Madland havn
 - iskaldt i vinden, men eit  flott skue i sør
 - her kunne eg ha stått lenge og sett på variasjonane i fargane på himmelen
- etter kvart vart fingrar og nase iskalde og eg fortsatte turen sørover.
 - denne brua finn ein på Brusand
- Sirevåg havn - her er meir snø enn i nordre del av kommunen
 - tilslutt ein kort tur nedom Haver
 - ein stad eg ikkje har vore tidlegare
 - det er morro og spanade, og køyre på vegar ein ikkje har køyrt før,
å sjå seg om på plasser der ein ikkje har vore før 
- og gjera seg kjent i sitt eige lokalmiljø....

mandag 3. desember 2012

Stranda i vinterdrakt...

 Den første snøen er komen til Jæren,
ikkje så mykje, men nok til å farga landskapet.
Det er ikkje så ofte at snøen vert liggjande på strendene,
men denne dagen var det kvitt heilt ned i sjøkanten.
Eg startar turen på Nærland strand.
 - det er fleire minusgrader og litt vind
- mørke snøbyger ligg uti havet
 - dei ser ut til å gå nord for oss
 - i sør er det ein liten blå flekk på himmelen
 - det er ikkje sikkert det kjem så godt fram her,
 - men oppi alt det grå og blå, var farge tonane mange og flotte

 - eg går forbi den vesle tangen
 - og over til Refsnes strand
 - og er snart tilbake til utgangspunktet
- kald på nasen og fingrane, er det godt å koma innadørs igjen
etter ein frisk og fin tur langs sjøen.