mandag 19. august 2013

Bli med til Helgoland....

Med båt frå Büsum i Tyskland, reiser vi mot Helgoland.
Overfarten tek 2,5t, mesteparten av tida ser vi berre sjø på alle kantar.
Med eitt dukker øya opp, langt borte, såvidt synleg i disen.
 Helgoland - den tyske øya i Nordsjøen,
ligg ca 70 km utanfor vestkysten av Sleswig Holstein.
Helgoland består i dag av to øyer.
Fram til 1720 var det ei øy, 
ein storm øydela den naturlege forbindelsen og delte øya i to.
Øya har ca 1650 fastbuane.
Øya er ein av dei stadane i Tyskland, med flest soldagar/timar.
 - Dei store båtane kan ikkje leggja til kai på øya,
så alle må ombord i mindre båtar
-  vi blir frakta inn til land, og går av ved gangbrua opp til kaiområdet
- på sørspissen av øya finn ein butikkar, hotell m.m.
noko av det første vi legg merke til, 
er dei fargerike småhusa - dei huser bl.a. butikkane
 - ein kan ta heis, gå eller vera med på ein av dei guida turane
for å koma opp på toppen av øya
 - handlegata
 - gamle ting brukt som pynt....
 - innanfor den store moloen er det ei stor og lun havn
 - fargerike hus over alt
 - kaiområdet
 - vi sette oss på ein av minibussane og vart frakta opp til Oberland,
der vi hadde ein rundtur.
- nord på øya gjekk vi av for å sjå litt meir på fuglefjell og området rundt.
Vestkysten av øya ligner litt på Grand Canyon...
og er heilt ulik dei andre sidene av øya.
- her er eit stort fugleliv,
fuglane utnyttar kvar minste plass i fjellsidene
 - det ganske interessant å studera fuglelivet her
 - fjellformasjonane fenger og stor interesse
 - dei treng ikkje store plassen desse fuglane...
 - heilt nord på øya.
Denne store steinen vert kalla Lange Anna
 - snart er bussen tilbake for å henta oss,
og vi setter kursen mot dei fargerike husa og havna
- der båtane ligg på vent, for å ta oss tilbake til fastlandet
- eit kort (altfor kort) og spanande besøk på øya i havgapet...

torsdag 15. august 2013

Rusletur langs åker og steingardar...

I dag ruslar eg på Nærland,
frå stranda og sørover mot Hå...
Kvit sand, blå himmel og knallblå sjø,
ja og så god vind,
er det som møter meg når eg parkerer bilen.
 - eg går eit lite stykke på stranda,
 fortsetter på grusvegen mellom dei lange steingardane
som grenser mellom beitemark og åker
 - gulerøtter i snorbeine fårer
 - her er mange og fine steingardar
 - mykje tungt arbeid er lagt ned i steinløinga
 - målet for denne turen, er Håtangjen/Voien
 - der Håelva har sitt utløp
 - her er stein på stein
- som den ivrige fotograf eg er,
så klatrer eg opp i fyrlykta for å sjå litt meir utover området
 - sin skal ikkje så høgt opp, før ein ser langt på flate Jæren
 - tilbaketuren går langs andre steingardar
 - forbi potetåkeren og vindskeive tre
 - kornet er snart klar for skur
 - tilbake på stranda der eg starta
- turen er ikkje så lang,
men her er mangt å sjå på og mange flotte motiv....
Ein stad eg ofte går på tur - vinter som sommar...

tirsdag 13. august 2013

Ei lita rundreise i mitt nærområde

Med utgangspunkt frå mine eigne tufter,
vil eg i dag ta dykk med på ein liten tur i mitt nærområde....
Eit lite stykke oppover vegen, ser over mine eigne tufter,
 mot eit av dei nye byggjefelta og den nye kyrkja på Nærbø
 - litt lenger opp i bakken, ser eg mot Grødem
 - snur eg meg lite grann,
ser eg over Gausland og over mot Lye i Time kommune.
- "skal vi ta ein liten kamp?"
 - nesten så langt opp, ein kan kome på denne vegen, på Våland
finn ein hytta til speidarane i Nærbø.
Her kjem minna fram om både overnatting,
og god gammaldags basar. 
 - Eg passerar Våland museum,
det er bygd opp av Agnes Våland, som er eigar og den som viser fram museet.
 - medan eg køyrer vegen mellom Are og Risa,
kjem skyene sakte sigande inn frå havet
 - i aust heng kvite store flotte skyer mot blå himmel
 - mange stader på Jæren, kan ein sjå langt i alle retningar
Her frå Risa i Hå kommune og mot bl.a. Åsen i Time Kommune
 - mi rundreise går vidare ned mot Risa
 - neste heime igjen,
passerar eg denne flotte driftsbygningen,
der gamalt og nytt passer godt til kvarandre
 Håper du likte rundturen, i mitt nærområde.

lørdag 10. august 2013

Rusletur på eigne tufter.....

Det er ein av dei fine stille dagane på Jæren.
Eg vandrer langs steingardar og gjengrodde stiar på eigne tufter...
- pus er med på turen,
ho ligg tålmodig og ventar,
 medan matmor er opptatt med fotografering..
- ein treng ikkje reise ut i den store verda for å finne vakre og interessante stader..
 - på dei gjengrodde stiane,
høyrer eg det summar og rasler mellom gras og blomar,
her er småkryp av mange slag
- buskar og tre gøymer snart dei flotte steingardane
 - dyra  på beitet kikkar forvetne opp,
det er ikkje så ofte at nokon går forbi her...
 - ugras - men likevel vakkert
 - min rundtur går mot slutten
 - ved inngangen til den gamle kyrkjegarden på Bø,
stig eg over ein ny steingard og er tilbake i min eigen hage..
 - Den fine vindstille dagen,
fekk ein vakkert og fargerik slutt...
 - solnedgangen sett frå min heim...
GOD HELG!