onsdag 14. mars 2012

Ved sjøen....

Skodda har vore som tjukk grå vegg på Jæren dei siste dagane.
Likevel bestemte eg meg for ein tur til sjøen....
På vegen vart det sprekker i den grå massen,
og sola byrja så smått og koma gjennom..
 - eg stoppa ved den vesle kyrkja ved havet
 - kyrkja med plass til 14 personar
 - ligg på ein open plass der hav og vind tek godt på uværsdagar.
 - men i dag var det mildt og godt, ingen vind
 - det går ikkje mange dagane før påskeliljene er i full blomst
 - eg går langs steingardane
 - enno ligg skodda ute i havet
 - Bodle i sol og skodde...
  - ein fin vårdag ved sjøen....

torsdag 8. mars 2012

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

I dag går turen til Hellestø strand i Sola kommune.
 - her er fint å gå på tur langs sjøen, 
 - i sanddynene eller innanfor sanddynene
 - Feistein Fyr 
 - eit par fjellknauser deler stranda i to
 - dis og regnskyer kom og gjekk,
 - somme tider vart fyret nesten skjult i den grå disen
 - ei fin strand både til badeliv og turgåing....

onsdag 7. mars 2012

Jæren, mars 2011

- mars månad er ein lunefull månad, med skiftande vær og temperatur.
I dag har ein kjensle av haust på Jæren, med sterk vind og mykje regn,
men slik kan og vårmånaden vera...
- eg har leita i arkivet og funne fram bilete frå i fjor...
 - mars kan by på snøklokker i full blomst
 - stille dagar på stranda
 - knopper på blomar og tre
- gåsungar mjuke og gode 
 - grå men stille dagar ved sjøen
 - speilklare vatn
 - fine turar langs steingardane på Jæren
 - mars kan gje bonden nok tørke, så han får starta våronna
 - mars kan by på vindfulle men solrike dagar
 - mars kan by på flotte kveldar ved havet
 - når eg ser tilbake, var eg visst bare ute på godværsdagar i mars 2011...
Ha ein fin vårdag.

fredag 2. mars 2012

Vindmølleparken på høgjæren

Mykje er sagt og mykje vil bli sagt om vindmøllene på høgjæren...
Nå er dei her, og om protestane vert aldri så mange, 
vil nok møllene bestå....
Vindmøllene kan ein sjå frå store deler Jæren.
Frå min heim ser eg dei i aust og dei er ein del av soloppgangen.
 - frå Varhaug ser ein dei litt oppover i bakkane
 - ca 30 vindmøller er plassert på lyng heiane her.
Under arbeidet vart det laga 15 km med anleggs vegar,
for å få dei store og lange delene innover markane.
 - Vegane er no opna for turfolket, 
- Jærbuen har fått eit nytt turområde.
 - vindmøllene kan bli ein del av turen - om du ynskjer det
 - denne dagen var det mang ei sjel som gjekk innover, under møllene
 - store og små stoppa opp,
 og kikka opp mot vindmøllas høge topp.
Ein vert berre ein liten prikk, mot dei 90 m høge møllene.
 - somme stadar kan ein sjå til sjøen og utover flate Jæren.
 - sola varma godt, det var lite vind og vårleg i lufta,
 -  mang ei familie sat i solveggen med sine små, og kosa seg med nistepakken
 - vi hadde ingen nistepakke med,
 - vi snudde etter passeleg lengde på turen
 - då hadde me bare vore på ein del av området,
seinare vil me gå på ein av dei andre vegane....
- inntil me reiser opp til møllene neste gong,
kan eg sjå på dei frå mitt kjøkkenbord....