lørdag 2. juli 2011

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

Denne gongen besøker eg BOKN - øya vestre Bokn.
Eg har med meg ein lokalkjent, som har lova å visa meg rundt.
.
Bokn kommune består av tre øyar der det bur folk, og i tillegg 123 småøyar og holmar
 Bokn har brusamband mot resten av Haugalandet og nord-Rogaland og ferjesamband mot sør over Boknafjorden Sambandet er ein del av Europaveg 39, ein del av hovudvegen mellom Bergen og Stavanger
.
Første stopp er Dagsland, ved Vatnalandsvatnet.
.
 Mi fotovennine og eg, vi rusler langs vatnet
og ser på vekstane der
 - to damer og to kamera på leit etter motiv...
jammen er her mykje å sjå på, når ein først ser etter.
.
 - på ei mark like bortanfor vatnet fann vi desse dyra
 .
 - skottsk høylandsfe - ein okse mektig og stor
.
 - ein liten kalv som tykkjer det er tryggast hos mor...
.
 - neste stopp er Straumen
Kanalen vart bygd i 1870,
og i 1928 vart det laga bru over kanalen
slik at den ytterste øya på Bokn vart landfast.
.
 - den sterke vinden bles rett inn i kanalen
og vitnar om kor verhardt det eigentleg kan vera mellom øyane her.
.
- ein ting har eg lært på rundturen, vestre Bokn er mykje større enn eg trudde,
me køyrde og køyrde men me kom på langt nær over heile øya.
Mi fotovenninne valgte ut nokre stadar der vi stoppa,
- resten av rundturen kjem i del to.

3 kommentarer:

  1. Så flotte bilde :)

    Du har gjort heimeleksa di også og funne ut masse om Bokn :)

    Kjem med bilde eg også, om ei stund. Måtte legge ut litt anna som eg hadde på vent først :)

    God søndag :)

    SvarSlett
  2. Kjekt du har fått med deg lokalkunnskap og lokal "kjentmann" :-)

    SvarSlett
  3. Thank you, a wonderful Foto-Safari.
    Regards,
    Uwe-Jens

    SvarSlett