Vi har to katter
dei er søstre
men ulike som natt og dag.
Som små fekk dei eit namn,
men her går dei under namnet pus.
Dei er født i Oslo
og var innekatter der eit par år,
før dei kom til Jæren
og vart vandt utelivet.
+nr+1.JPG)
Tigerkatten, som vi ofte kaller henne
er aktiv, har rufsete pels
og vil ofte i fanget å få kos.

Denne dama er ikkje så nøye på det

og ser nesten ut som ei vaskefille
når ho strekkjer seg på golvet.

Den svarte derimot
er ei dame med stor D.
+nr+1.JPG)
Ho oppfører seg som ei lady
og kjem svært sjeldan i fanget og ber om kos,
og tek vi henne opp
er det over etter ei kort stund.
+nr+2.JPG)
Det hender dei viser søskenkjærlighet.

I det siste har denne dama oppdaga
at eg ofte sit ved kjøkkenbordet.
Ho kjem smygande
mjauer og går rundt føtene mine
til eg dreg ut stolen ved sida av meg.

der legg ho seg og ventar
på at eg skal sjå bort frå Pc en
og klø henne bak øyra.

Tek det for lang tid
gjev ho beskjed.
Ho skubbar hendene mine
eller gnir hovudet mot kneet mitt
for å få min oppmerksomhet...

"Dronninga" her i huset
veit kva ho vil
litt sær innimellom
og gjev beskjed når ho ikkje vil.