lørdag 8. august 2026

Ein liten oppdatering

Det har ikkje blitt fotografert så mykje idet siste,
så i dag velger eg å bruke bilete frå ein tur 
eg gjekk i midten av juni.
Dette er i Time kommune,
i området Aurenes/Tjålandsvatnet.
For ca 3 veker sidan begynte ein gamal ubehandla skade
å skrika ganske så høglytt.
Med kyndig hjelp og andre måter å vera aktiv på,
så jamrer skaden mindre og mindre... :D
I dag var eg på stranda igjen,
eg konsentrerte meg om å lytta til kroppen.
Det gilde var, 
at i dag kunne eg ta i, og kjenne at kroppen arbeida.
Litt småsutring var det jo,
men ikkje meir enn at både tur og øvelser
vart gjennomført på ein god måte.
Det er godt å kjenna at det eg har gjort dei siste vekene
har gitt resultat i positiv retning.
nå er det å lytta til kroppen
og ta steg for steg framover..
Turen til toppen ovanfor Aurenes,
er ein tur eg likar å gå.
Lange motbakker, men det å ta tida til hjelp,
og nyte det eg ser rundt meg.
Det gjev meg så mykje 
at denne turen går eg 2 kanskje 3 gonger pr år.
Utsikt og ro,
nistepakken på Jærens tak
er ei lisa for kropp og sjel
varme vart me alle...



langt der ute i skoddeheimen
kan ein skimte havet





Eg har lenge hatt utfordringer til og med mat.
Cøliaki og andre intoleranser.
Tom for energi og alltid svolten.
Eg har vore hos "offentleg"ernæringsfysiolog fleire gonger,
utan resultat..
Tilfeldig her i vår,
haurde eg om ein mann frå Kanada,
som driv privat, og skulle ha greie på mine utfordringer.
Spent la eg i vei til første time,
med tanker om tidlegare dårlege erfaringer.
Han var lett å snakke med,
han forstod kva eg snakka om,
og hadde fort forslag til endringer i mitt kosthald.
Endringane var ikkje store,
mengde mat vart ikkje endra på,
måltid bytta tidspunkt på dagen
og eit par små ting vart lagt til.
Når kroppen fekk nye rutiner på plass,
og begynte å ta til seg næring igjen,
så kom energi og styrke litt etter litt tilbake.
Frå å bare "henge med" kjenner eg nå at eg yta.
Dette hjelper heilt klart på,
nå når eg skal byggje opp att
ein sliten kropp.
Lag deg ein god dag,
der du er.