Ein epoke er over.
Ei tid der omsorg har teke mykje tid,
og som har ført til at andre ting er valgt bort.
I det siste har eg prøvd å finna meg sjølv,
finna vegen ut av tomrommet,
på leit etter min plass og tilhørighet.
Litt etter litt har stress og tunge tanker letta,
og det er rom for andre ting.
Skylaget har nok teke meir plass enn eg hadde innsett,
og dei siste dagers rusleturer langs stranda,
har vore med på å finna veien tilbake, til å vera i nuet.
Det å gå langs stranda i vær og vind,
sjå på livet rundt seg,
lytta til sjø og fugler
er ei lisa for kropp og sjel.
I dag føremiddag
vart det ein ny tur på same sti og veg.
Det betyr lite om stien er den same,
det viktigaste er at eg kjem meg ut.
I dag kjende eg lysta kom sigande,
det å sjå på livet rundt seg,
verkeleg lytte til fuglesang og bølgeskvulp.
Eg kjende at tanker om å dela av det eg ser på min veg,
fekk ei spire, som vaks medan eg gjekk.
eg kjende lysta til å planleggje framover,
vart større og begynte å få form.
Ja, det var ei dame som vart lettere på foten,
på slutten av turen.
Det var litt spesielt at når eg var tilbake i bilen,
så tona dette refrenget frå radioen:
Når sola går ned,
kommer den alltid opp att igjen,
og livet kan være igjen din beste venn.
Om folk går rundt deg å tror de er bedre enn deg
så snu deg rundt og vis du er bedre enn dem.
(ukent tittel og artist)
litt etter litt vil det nok bli fleire innlegg her,
kor ofte veit eg ikkje,
det kjem an på overskudd og lyst.
eg kjenner på meg at fotefara skal bli mange etter meg og...
om det vert langt eller kort,
det kan bare framtida vise.
eg håper de har lyst å fylgja meg på min veg,
til å byggja muskler i både kropp og sjel.
om eg når det "hårete" målet dotter mi fabler om,
får ein sjå og høyre om, eit år fram i tid....
det vil i allefall kreva mangt av ein tom kropp,
Uansett, eit mål er godt å ha,
det er for min del ikkje noko nederlag om det ikkje går,
men eg skal gjera mitt, så får me sjå kva det held til.
Lag deg ein god dag
der du er.


















