Eg har ein tanke om å farta litt i Rogaland i komande året,
fortrinnsvis langs kysten.
Om eg når alle krinkelkrokar, øyar, holmar og skjær
er vel heller tvilsomt,
men eg håper å nå store deler av fylket.
Aller helst har eg lyst til å gå tur i kystområda eg besøkjer,
men somme stader vil det nok verta foto frå bilveg eller eit berg
Dette vil verta lagt i eiga linje under etiketter
med eit felles navn på innlegga.
Eg startar på heimlege trakter,
med den delen som høyrer til mi eiga heimbygd, Nærbø.
.

Turen startar på Refsnes - stranda eg vandrar aller mest på.
.

eg bevegar meg sørover..
rundt dette neset
.

og vidare på Nærland strand.
.

ved enden av stranda startar ein steinrik del av jærkysten
.

turen går via Håtangen
.

forbi Hå gamle Prestegard

og til Obrestad Fyr.
.

Fyret ligg på ein topp,
.

herifrå og forbi Obrestad havn
.

er terrenget litt annleis
.

før det igjen vert flatt.
.

Denne gongen endar turen på Grødaland,
nokre mil i sørleg retning frå utgangspunktet.
.
I dag har eg brukt bilete frå arkivet,
men vidare vert det stort sett nye bilete
etter kvart som eg kjem meg rundt i fylket.
Ha ein fin dag.