mandag 30. april 2018

Orre gml kyrkje - Revtangen

Turen starta ved Orre gamle kyrkje,
oppe ved hovudvegen.
Valgte å starte her ved brua,
for å vera på nordsida av Orreelva.
 elv møter hav
 dagens tur går norover langs sjøen
over stand etter strand
 sørlege delen av Orrestranda
 frisk nordavind tek tak
sola skin frå blå himmel
 etter å ha runda neset,
kjem eg inn på den store, lange Orrestranda
Norges lengste sandstrand
 spor
alle etterlater seg spor
spor som blir viska vekk av vær og vind
 enkelte etterlater seg større og litt meir markerte spor
 det vart tungt å gå i den mjuke sanden, 
og vinden rett i mot,
så eg svinga opp mot sanddynene
og gjekk vidare litt oppe i "høyden".
Her var det live mellom sandhauger og strå
og desse små lyste gult i gult over alt.
 ennå eit stykke igjen av Orre strand
ved enden av den lange stranda, Sørenes/tangen
 bondens åker ligg heilt ned til sanddynene
 ser tilbake på Orre strand
 nok ei strand,
er litt usikker på om dette er ein del av Orre
eller Revtangen (Reve), neset som du ser der framme
 båter langt der ute 
 Revtangen
 bukta mellom tangane (Nordre og Søre Revtangen)
 planen eller målet var å gå over nok ei strand,
men i dag ville ikkje kroppen meir...
Ein vel fortjent pause i ly for vinden,
lytte til stillhet og ro
høyre bølgene slå mot land
kjenne sol som varmer
det gå påfyll i kropp og sjel,
eg rusler opp frå stranda,
opp mot bilvegen, der sjåføren venter på meg
ein fin tur i frisk nordavind og sol
den siste stranda kan eg gå over ei anna gong,
Om eg prøver denne turen på ny,
eller går vidare frå der eg stoppa nå,
ja, det vil bare framtida vise...
Ha ein fin dag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar