tirsdag 30. august 2011

Tilbakeblikk....

Kofferten er pakka og det nærmar seg avreise..
Eg forlet den vesle bygda Haugland for 5. og siste gong,
med mange gode opplevingar og minner i bagasjen.
.
 - mang ein morgon tur
.
med flott utsikt over sjø og fjell
.
 - kor fint det var når første snøen la seg på fjelltoppane
.
 - minne om bekkar som sildrer og renn
 .
 - om dagar på tur i skog og fjell
.
 - minner om lyse vårdagar
og blomar som strekkjer seg sola
.
 - minner om mørke haust dagar og snø som laver ned
.
 - båt tur ut Dalsfjorden og ut i havgapet
.
 - forbi Alden (den norske hesten)
.
 - til dei ytterste øyane
Bulandet og Værlandet
.
 - der veks denne vakre blomen
som den einaste staden i Norge (etter det eg kan minnast)

 - kano tur på Flekkefjorden
.
 - Haugland ei lita bygd mellom fjord og fjell
.
- eg vil minnast deg og folket her med glede,
og ta vare på alt de har gitt meg.
Farvel og takk for meg for denne gong.

lørdag 27. august 2011

Værmelding for helgen.....

lave tåkeskyer og regn...
- Haugland i Flekke - Sogn og Fjordane

 GOD HELG TIL ALLE
 - uansett vær og vind...

onsdag 24. august 2011

Ein rusletur ved sjøen

ein stille morgon...
.
 Eg har no begynt på den siste veka av opphaldet
her i Flekke i Sogn og Fjordane.
- Det skal bli godt å koma heim att,
men eg kjenner samtidig er det vemodigt
at eg ikkje skal tilbake til denne flotte plassen.


søndag 21. august 2011

Det går mot haust...

På ein liten morgontur i dag,
fann eg mange teikn på at hausten er på veg,
samtidig som ein del av sommaren fortsatt er her enno.
.
Då eg var ute var det vindstille og litt grått i lufta,
no dett regnet i bakken og det er ganske okei å halda seg innadørs.
God søndag!

fredag 19. august 2011

stolt, glad og utslitt......

Eg har ei tid hatt ein draum om nå eit nytt mål,
å gå opp på ein fjelltopp, her i nærområdet til senteret.
Det vart ordna slik at eg fekk bruke dagen og gå i lag med ein ansatt.
Det går sakte men sikkert oppover og oppover.....
Det var litt disig, men likevel ein flott utsikt når vi kom oss oppover liane.
.
 Etter 7,5t på vandring,  frå 0 til 530 høgdemeter, på Jarstadheia,
er det ein utslitt men veldig fornøgd kropp som kjem ned att frå fjellet.
Eg får nok ta livet litt med ro i dag,
- men snart er eg på vandring att :o)

tirsdag 16. august 2011

Rast i sjøkanten

Etter å ha gått på vei og sti
gjennom skog og ur
endar turen på dette vesle neset,
litt ute i Flekkefjorden.
.
 - her åt vi nistepakka, tok til oss av stilla og roen som fanns rundt oss
.
 - på sjøen var det berre små krusningar
.
 - det var vindstille og sola varma våre svette kropper
.
 - allting har ein ende, og vår rast på neset.
- det er på tide å vende nasen heimover....
Ein fin tur i flott natur.