fredag 1. mai 2015

3 stopp på Jæren

Første stopp er i Hå Kommune,
på veien mellom Kaffiholen og Rimestad (Nærbø)
 - dette er ein plass som ein vanlegvis berre køyrer rett forbi,
og som eg mange har tenkt at eg skal stoppe...
 - det er noko her som tiltrekker meg...
 - litt lenger framme på same vegen,
- her ser ein Søylandsvatnet frå Rimestad mot Høyland
 Stopp 2
Fotland Mølle (Bryne), Time Kommune
.
 Mølla vart bygd i 1845 som industrimølle, på ein stad det var blitt drive maling sidan 1200-talet, og der det var registrert maling for profitt på 1600-talet. 
Mølla vart plassert over to eksisterande kvernhus, det vart laga nytt vassinntak, 
og vatnet vart slik nytta tre gonger før det rann ut igjen i Håelva. 
Ei av dei aller første industrismiene på Jæren vart samstundes etablert i mølla. Mølla sveiv til 1968. 
I 1972 vart ho gitt til Time kommune av Fotland-familien, som hadde drive maling i fleire generasjonar. 
I 1995 vart mølla gjenopna som museum og utstillingslokale. 
Fast utstilling: "Korn gav liv". Video som viser mølledrift på 1960-talet. 
Vekslande kunstutstillingar gjennom sesongen, som er frå påske og ut oktober. 
Enkel servering. Tursti. Sal av brukskunst i Torvhuset. Restaurert kvernhus nedanfor mølla.
.
Fullføring av det siste kvernhuset gjenstår før anlegget er fullført slik det var etter 1845.
 Ved fossen har elva grave seg ned gjennom fylittberget. 
Fylitt er ein svakt omdanna leirsedimentær bergart som blei avsett på havbotnen 
over grunnfjellet for 500-800 millionar år sidan.
 - ser du steintrollet i fossen?
 Stopp 3
Risaskogen (Nærbø) Hå Kommune
 - her er eg på leit etter kusommar eller kusymre som dei seier andre stader
Det som møter meg i tilleg til glad fuglesang,
er mykje kvitveis
 - nesten heile skogbotnen er dekka av kvitveis
 - enten er eg seint ute eller så er det mindre kusommar i år...
eg måtte faktisk leite ei stund før eg fann nokre tuer
- denne blomen er blitt sjelden å sjå dei siste åra,
eg håper han får stå i fred i skogen,
 i håp om at veksten skal ta seg opp att..
Ha ein fin dag.

1 kommentar: