tirsdag 27. april 2021

Skyer i solnedgangen

Her har vore mange fine kvelder på Jæren.
Kalde og vindfulle, men fine likevel
Eg tok turen til Nærland ein av desse fine kalde kveldane
fargerike og ulike skyer var min ting denne kvelden



stillhet og ro senker seg,
åleine på stranda, vandra eg rolig tilbake til bilen,
for å med mest mulig av det naturen kunne by på.

mandag 12. april 2021

Hå gml prestegard, vågen, elva, tangen #turkort # Nærbø idr.lag #tur 6

Turen går i dag i eit kjent og mykje brukt område.
Dette er tur nr 6 av 10 turer på Nærbø
Turen starta ved Hå gamle prestegard,
eg tek stien nærmast sjøen.
Eg kjem til vågen, der elva møter havet

eg går oppover langs Håelva
over hengebrua,
og ned langs elva på andre sida


tangen er målet

det var heilt stille i solveggen
sola varma,
det var godt å bare nyte stillhet og ro


Rundturen slutter der eg starta,
på Hå gaml pr.gard

lørdag 10. april 2021

Risaskogen

Nærbø idrettslag utfordrer oss
til å ta 10 turer på Nærbø.
Det er lagt opp til korte og litt lengre turer.
I dag kan vi krysse av for tur nr 1,
som er i Risaskogen.
Dette er ein kort og enkel tur,
som passer veldig godt til oppdagelsesferd,
med dei minste
bestemorgutten er med,
han bruker sykkelen på veien,
men inne i skogen,
er det best utan

her er kalde dager og snø,
og det er sein vår på Jæren.
Bjørka har livevel begynt å sleppe ut pollen
kvitveisen har såvidt strekt seg over snøen
me fann eit par knopper på kusommaren/kusymre
det var snøbyger tidlegare på dagen,
men når skin sola frå nesten blå himmel.
her er mange fine tre,
med krokete og rette greiner,
her er rom for fri fantasi
ved det vesle kvernhuset
er det stille nå,
kun flaumstor bekk
sildrer forbi


ein fin plass for store og små

fredag 9. april 2021

Varhaugslosen, Bodle og Madland havn

Innimellom snøbyger og sterk vind,
skin sola frå blå himmel.
I dag går turen mellom Bodle 
og nausta der Varhaugslosen rodde ut, i si tid.

Nausta er bygd opp av rullestein,
nok som var nokså vanleg her på Jæren,
stein var/er her nok av.

skyer og lys endrer seg heile tida

Tjelden fyk opp i flokk
skrik/rop frå flokken kunne høyrast på lang avstand

Det er opphald i Madland havn,
men bygene går ute i havet
bølgjene slo store og spektakulære
inn mot moloen
Her i forskjellig lys og bakgrunnsfarge






det var vanskeleg å "sleppe taket" og dra herifrå
Det var så fint å bare vera der,
lytte til lyder frå sjø og bølgjer,
sjå på kunstverket bølgjene laga,
når dei slo mot moloen.