søndag 27. februar 2022

I solnedgangen

Ein kort luftetur i solnedgangen
Det er friskt i vinden (liten kuling)
men fint å vandre langs stranda
Bølgjene slår kvite mot land
her og der speglar skyene seg i vatnet på stranda





Det er godt å kome heim
til god fyr i ovnen,
Fingrane blir fort kalde,
når ein bruker kameraet flittig.
Lag deg ein fin kveld.
der du er.

mandag 21. februar 2022

Knudaheio, Arne Garborg sitt rike, på Undheim

Her om dagen tok eg turen til Knudaheio,
Arne Garborg si sommarstova.
Det er like før at ei ny snøbyge kjem,
og skyene har ein mørk blå/svart farge.

Hytta til Garborg ligg inngjerda
mellom bondens åker og eng
med utsikt over store deler av Jæren



eg går oppover forbi hytta
det er flott å sjå på den blåsvarte himmelen 
mot snøen som ligg på bakken
det har vore ein våt vinter

når eg kjem opp til vatnet
går fargane meir over i grått,
og snøen er på vei
stor uberørt blink ( OL's nest soste dag)
hjerte av is og vatn

spiralis i stille vanndam
underleg
snøen tetner til
ein ser ikkje lenger den flate Jæren,
kun ein grå masse 
Ein fin plass å vandre,
i all slags vær..
 

fredag 11. februar 2022

Ved Obrestad fyr

Eg har lenge tenkt på 
å gå opp på høgaste punktet
ved Obrestad fyr.
Her finns minner frå krigens dager,
og ein kan godt forstå kvifor
det var laga til ei kanonstilling
akkurat her.
I dag passa det med lys og skyer,
og sola på rett plass på himmelen,
når eg tok turen til Obrestad.
Fyret ligg på kanten
av ei lita høgde,
og stien opp mot høgaste punkt,
går på utsida av gjerdet
herifrå ser ein langt,
i begge retninger 
(sørover vart i dag mot sola.. ingen foto den vegen)

Frå toppen ser ein og andre populært turmål
Vågtangen, vågen/voien, og Hå Gamle Prestegard
Den vesle tangen med nausta,
eit mykje brukt som turmål,
for store og små
Gardsbruk og bebyggelse på Hå

sol og skyer,
lyset endra seg stadig
Ein fin dag for tur og uteliv.

onsdag 2. februar 2022

På Hå, der Håelva møter havet

Eg er i området ved Hå gamle Prestegard,
ser på bølgjer som slår mot land
ser på fugler i Vågen/Voien
Det er friskt i vinden
sola kjem og går
innimellom alle regnværsdagane
er det godt å føle sola varme mine kinn
Vågen/Voien der Håelva møter havet,
er det eit yrande fugleliv


bølgjene er ennå store
Tangen ligg utsett til i vær og vind

dei to gamle nausta har klart seg denne gongen og,
gjennom storm og orkan i kasta

Håelva renn stille mot havet
på bondens åker er det store dammer
etter all nedbøren i det siste

Vågtangen, ei smal stripe land med 5 naust
eg ser fram til lysare og varmare dagar, 
og meir uteliv