tirsdag 5. juli 2022

Langs gjengrodd sti

Eg vandrer på gjengrodd sti,
heima på eigne tufter.
Ein sti som tidlegare vart brukt til
 å jage dyra på sommarbeitet.
Det er nå fleire år sidan stien var i bruk,
så blomar, kratt, busker og tre,
veks vilt og har nå laga stien omtrent uframkomeleg
på begge sider av geilen/stien
finns det beitemark og dyrka jorder


her er markblomar av fleire slag


bjørnbærbusker gror villig 







det var ein gong ein sti...

stien/geilen ender like ved den gamle kyrkjegarden på Bø
Det er spesielt å få vandre på slike plasser,
i dag er det bruktkunstgjødsel,
 på store deler av mark og jord,
det gjer at desse vekstane blir borte.
Å kjenne lukt av blomane
og sjå blomar og strå som vaier i vinden,
 - gode barndomsminner strøymer på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar