lørdag 14. august 2010

Med macrolinsa

har eg jakta på blomster og bier.
Pleier ikkje å få til dette,
fordi bier og humler har ein tendens til å fly avgårde
før eg er klar med kameraet....
Vel, resultatet talar for seg.
.

Eg vil ynskja alle ei god helg!

torsdag 12. august 2010

ved sjøen...

I dag går turen litt sørover i kommunen
og eg parkerer bilen
.
her ved "Hitlertennene"
(krigsminner)
som ein finn langs riksveg 44
ved Brusand.
.
med sekk på ryggen
og kameraet klar
går eg mot sjøen og Brusand strand.
.
fleire andre hadde teke turen hit i dag
både for å bada og leika i sanden
.
eg svinger nordover forbi desse båthusa på Kvalbein.
( er litt usikker på dei lokale navna her
så "arrester" meg om eg tek feil)
.
eg ser på Raudn
den einasta øya/holmen langs Jærkysten
- mellom Egerøy og Rott.
(- Feistein fyr finn ein på ein holme før Rott)
.
insekta summa og flaug frå blom til blom.
.
her kan ein gå langt eller kort
.

i sanddyner eller på strand.
.
er du ein "viking"
kan du avslutta turen med eit forfriskande bad...

onsdag 11. august 2010

morgontur

Vergudane kjempa litt om kven som var sterkast
når eg starta min morgontur.
.

i aust var sola på veg opp
og i vest var himmelen mørk
.
Det var vått over alt etter nattas regn
- traktorspora viste godt i graset
.
turen gjekk rundt på gardsbruket
på traktorvegar og stier
langs steingardane
.

himmelen var mørk
men likevel eit flott skue
.
blomar og blad hang tunge av regndråpar
.



sola var sterkast inntil eg kom i hus
då letta dei tunge regnskyene på børa.
.
Eg vil ynskja alle ein fin augustdag.

lørdag 7. august 2010

Helgetur

No har eg igjen køyrt nordover
til Nordhordaland for å delta i bryllaup.
.

I går kveld var visst den finaste sommarkvelden her
denne sommaren
.
varmt og vindstille
.
og eg rusla ein tur på gamle vegar
.
der ville blomar får gro
.
der steinar er mosegrodde
.
der blomstereimen var sterk
.
og heile skråningar var fyllte med fargerike blomar
.
nokre sauer tok livet med ro

ei kveldstund på Tofting.
.
Eg vil senda tanke til kveldens brudepar
.

og ynskja dei tillukka med bryllaupet
og framtida.

onsdag 4. august 2010

Morgontur på stranda

For ei som har tenkt å verta sprek
kan det ikkje nytta å verta sitjande i godstolen,
og etter eit par dagar i kvilemodus
var eg i dag klar for nye aktivitetar.
.

Bølgjene slo mot land
og det lukta tare og sjø.
.
på gras og blomar hang regndråpar som perler på ei snor
.
våte blomar lengta etter å få strekkja ut sine kronblad
og la sola få skina på dei
.
fargane var mange
.
røde, kvite, lilla, gule, blå
nokre hadde insekt på
.
sanden var våt
det vart tungt å gå
.
ja, det var litt av det eg såg på min morgontur i dag
.
bilete kan visa fargar og natur
men lukt og synsinntrykk
kan ein berre oppleva når ein sjølv går på tur.

søndag 1. august 2010

Stille i heimen...

Gjestene er no på veg heim
og det er tomt i huset...
.
vårt felles språk "nordenglish" (norsk, deutsch, english)
samt fingerspråket
er lagt bort for denne gongen
.
Det har vore kjekke dagar
med mange turar, besøk og opplevelsar.
.
Det fine med slike vennskap
er at ein får læra mykje om eit anna land
- om folk, kulturar, levemåter osv.
.
anten vi er i Tyskland, eller dei er her
så utvidar vennekretsen seg for kvart besøk,
.
og eg vil sei tusen takk til slekt og venner
som har gjort ein god innsats for at våre gjester
har fått gode minner og opplevelsar med tilbake til Tyskland.
.
Stillheten senker seg over heimen
.
og det vert tomt etter all den aktivitet som har vore i 16 dagar
.
til og med kattane har sove i kvar sin stol heile dagen
etter å "ha fått tilbake" sine favorittplasser....
.
Det er kjekt med besøk,
.

men det skal jammen bli godt
å koma tilbake til kvardagen nokre dagar,
før vi tek ferie.
.