onsdag 16. mars 2011

Frisk tur på Refsnes strand

I sol frå nesten skyfri himmel og frisk vind
.
gjekk eg ein god tur på stranda i dag.
.
Bølgjene rulla inn mot land,
.
med kvite skummande bølgjetopper.
.
Eg hadde heile stranda for meg sjølv...
.
Vinden tok sanden med på ferda
.
og skjulte alle tidlegare fotefar...
. Å koma heim te Jæren,
å gå seg ein lang tur ved havet,
å kjenna vinden, sola og lukta av sjø
gjer godt på både kropp og sjel.

tirsdag 15. mars 2011

Fyrste blomen han er komen...

- det er vår!
.
The first flowers are here...
.
- it is springtime..
.
Have a nice day.

mandag 14. mars 2011

Langs vei og sti på Tenerife...

Vi er ikkje blant dei som ligg på stranda eller ved bassengkanten.
Vi går heller turar, nyt gode og late dager ved å sjå oss omkring.
.
Tidleg morgon og heilt stille ved bassenget
.
- regnbuen over palmetrea, og ei stille morgonstund
.
- palmer og blomar finn ein over alt
.
- vi vandrer langs strandpromenaden
. - ser over til ei anna av dei kanariske øyane - La Gomera
.
- ser på strandlivet
.
- vi har lært at palmer som ber frukt, er hopalmer......
. - bananpalmer ser ein over alt...
- vel bananane som dyrkast her,
får dei ikkje kalla og eksportera som bananar
fordi dei er 3 cm for små.......
dei vert kun brukt her på øya.
.
Ei veke går fort
og snart går sola ned for siste gong,
på denne turen....

lørdag 12. mars 2011

Teide - Tenerifes stolthet

strekkjer seg 3718 moh og er Spanias høgaste punkt.

- siste del av bussturen køyrer vi gjennom eit månelandskap
.
i det store krateret som omkransar toppen
.
og opp til gondolbanen som ligg på 2350 moh.
.
turen opp tek ca 8min
.
ennå er det 200 meter att til toppen
- for å gå den turen treng ein spesial tillatelse,
dette fordi kun eit fåtall får gå opp dit kvar dag.
.
For oss haldt det lenge å koma hit,
det kjendest at vi var høgt oppe, for lufta vart litt i tynnaste laget....
(du veit for jæbua som er van med å gå på flat mark 0-50 moh,
skal det ikkje mange metrane til før det vert litt høgt..... :-) )
.

- eit skylag låg lenger nede i dalen
så vi kunne ikkje sjå til havs eller naboøyane
.
- på veg ned att får vi eit betre inntrykk av
kor stort krateret er
.
her finns steinar/fjell i alle mulige fasongar
.
snart er vi inne i skylaget
fjell og stein forsvinn i ein grå masse
.
God helg!

torsdag 10. mars 2011

I Thor Heyerdahl sine fotspor....

På 1990 talet leia Thor Heyerdahl
utgravingane av pyramidane i Güimar på Tenerife.
.
Han meinte utfrå måten dei var bygd på,
.
at det måtte ha vore kontakt med både Mexico og Egypt på eit tidspunkt.
.
Mange forskarar har studert desse pyramidane i etterkant
.
og det finns like mange meiningar som forskarar.....
.
Ein teori går ut på at det er dei lokale bøndene
som har samla stein frå markene og lagd i dei i haugar......
.
Vi som har dreve gardsbruk sjølv i mange år,
kan ikkje sjå at bøndene kan ha hatt tid til å lø steinane så nøyaktigt
midt i travle våronner......
.

Kva trur du?

mandag 7. mars 2011

blomar i sydlegare strøk....

Vel tilbake etter ei veke i varmen,
sit eg her og mimrer,
og ser på foto av blomar eg såg på min veg....
.

På Tenerife kan ein finna fleire hundre planter,
som ein ikkje finn andre stadar i verda.
.
- om eg har truffe på dei er uvisst,
.
men her er eit knippe av dei blomane eg fotograferte.
.
Blomane har eg funne på Tenerife og La Gomera
- to av dei dei kanariske øyane.
.
Håper du kan drøyma deg til litt sol og varme
medan du ser på desse blomsterbileta.
Ha ein fin dag!