onsdag 13. april 2011

Vår i hagen

 Ein liten rusletur i hagen
på leit etter nyutsprungne blomar og blad....
.
- der fanns klokker i blått
.
-  gul forsythia er på veg
.
-  kvite krokkuser som snart er avblomstra
.
 - nokre mini påskeliljer nikker så fint i vinden
 .
 - når ein ser litt nærare etter
så er der jammen komen ein sommarleg gjest i hagen
.
Ynskjer alle flotte vårdagar.

søndag 10. april 2011

Tur til Egerøy fyr.

 Disen heng ennå i lufta
i det vi startar på dagens tur.
.
Turen startar frå Seglem på nordre Egerøy
.
 Vi går bakkar opp og bakkar ned
gjennom port etter port
.
 Halvvegs, oppe på ein høyde, ser vi utover mot fyret.
- disen gjer at det meste vert grått.
Hit kan ein sykla eller ha med barnevogn,
resten av turen går i ulendt terreng.
.
 Tek vi eit blikk tilbake dit vi kom frå
ser ein deler av Egerøy og til fjella lenger inne i landet.
.
-  ingen vind og blikk stille vatn
.
- mange spegelbilete å sjå undervegs.
 .
 rekkverket frå fyrvokter boligen og utover til fyret
er tæra av tidens tann
.
 Nedanfor fyret sat vi oss ned,
vi åt nista og tok til oss av det vi såg rundt oss.
Ikkje eit vindpust var å kjenna her ute i havgapet,
og gradestokken viser rundt 15-16 grader,
nesten som ein forsmak på sommaren.
.
 Turen tilbake går ned og opp dei same bakkane
.
 langs med sjøen
.
og tilbake til utgangspunktet.
.
Ein fin tur i det flotte vårveret.

Sunrise

 From my kitchen table I can see the sunrise,
and today it was like this...
.
I wish you all a nice day.

fredag 8. april 2011

I wish you all a nice weekend!

torsdag 7. april 2011

Obrestad havn

 Ein rusletur i Obrestad havn,
 vinden bles frå nord og disen hang låg.
.
I dag lar eg bileta tala for seg....


God kveld!

onsdag 6. april 2011

"Våren vakreste eventyr..."

 I dag har eg teke turen til eit sauhus..
.
 Litt forvetne vart dei nok, når fotografen dukka opp
.
 Det er lemming i desse tider.
.
 Nokre få lam er komne
- sauene passa godt på dei, og ville ikkje ha meg for nær...
.

 Dei er flotte desse søte små.
.
Eit kort møte med vårens nyankomne i eit sauhus på Jæren.

mandag 4. april 2011

Grødaland Museum

      Grødalandstunet er kanskje eit av dei finaste
og best bevarte gardsanlegga i Rogaland
.
 Dette var ein typisk sjøgard med flott utsyn mot havet i vest.
Grødaland er eit gardsmuseum på "rot".
.
  Her finn du husa etter to av gardsbruka på sine opphavlege tufter.
.
 Bygningane er frå 17- og 1800-talet.

.

 Her kan oppleva roen og stemninga i dei gamle stovene,
.
og få eit innblikk i korleis folk på sjøgardane levde. 
.
 På aktivitetsdagane kan ein vera med på leik,
 .
og ulike gjeremål, knytta til arbeid og matstell i eldre tid. 
.
Når ein har sett seg om på museet,
kan ein avrunda med tur til sjøen, langs Kongevegen.