søndag 8. mai 2011

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

 Søra og norda sundet, Egersund.
Eg har denne gongen valgt å visa bilete
frå sundet mellom Egerøy og Egersund.
.
Søra sundet...
her kjem dei store båtane inn til Egersund/Egerøy.
Det finns industri og kaiområder begge stadane.
.
 Sildoljefabrikken.
.
 Havna i Egersund.
 .
-  brua som binder by og øy saman
.
 - frå toppen av brua, har ein utsikt i begge retningar
- her mot Tengs
.
 - norda sundet
.
-  sjøbuer på Egerøy
.
 - fiske i norda sundet
.
 Ytterst på Egerøy
.
 heilt i nordre enden finn ein Egerøy fyr.
.
- solnedgang i norda sundet.

torsdag 5. mai 2011

Morgonstund i hagen

Eg vil ynskja alle ein fin dag! 

onsdag 4. mai 2011

Karten 421 moh

 I dag startar turen ved Husavatnet, i Time Kommune
 - på Kartavoll.
.
- vi går oppover på traktorveg
.
 - snart ser vi ut over landskapet,
og sjølv herifrå viser dei nye vindmøllene godt igjen.
.
 litt under toppen ser vi ned
.
 på gardsbruka på Mellemstrand
.
 - siste biten opp mot toppen, gjekk vi ut av traktorveg/sti.
Vi enda opp i ei li full av stein, og fann ut at dette var langt nok...
.
 Stein på stein på stein...
menneskelaga eller.... ja sei det.
.
 - langt der nede ved Buevegen er utgangspunktet vårt.
 .
 - vi er snart nede att ved Husavatnet
.
- ein kort og enkel tur som går mest på traktoveg,
med fin utsikt frå toppane.

mandag 2. mai 2011

Love is in the air....

 Eg tok turen til Fuglaparken på Nærbø,
for å finna ut kor langt Rhododendronane var komne.
.
- eit par av trea var begynt å bløma,
- nokre andre buskar var og komne i blomst.
.

Det var liv og røre blant fuglane i dag,
dei kvitra og gjorde kur til kvarandre i kvar ei krå 
 .
 - desse to låg inni mellom trea
 .
 - medan denne herremannen gjorde det han kunne
for å få oppmerksomhet frå sin tilkommende...
.
 - andre bruste med fjørene
.
 - for å visa seg fram..
.
 - denne familien haldt seg litt på avstand
- mor og far passa vel på at eg ikkje kom for nær...
.
Eg vil ynskja dykk gode vårlige maidagar. 

lørdag 30. april 2011

Tur til Lauvlia

 Snorestad i Time kommune er utgangspunktet for dagens tur.
.
- vi går langs Snorestadtjørnane
.
 - på traktorveg
.
 - og grusveg/sti
.
- det er stille her mellom fjella
- utanom fuglekvitter,
er lyden av to par vandringsføter
det einaste ein kan høyra.
.
 - vi nærmar oss målet
.
 - kjem inn til Røyrvatnet
.
 - før vi ser det vesle nedlagde gardsbruket i Lauvlia.
.
- idyllisk og vakker plass.
Me lurer litt på kva som fekk folk til bureisa seg her inne
på denne vesle staden.
.
 Etter ein kort pause, startar vi på returen.
.
 ein fin tur, i sol og nesten vindstilla
- kan anbefalast til alle ( ikkje barnevogn).
Ved Snorestad gard står bilen og ventar på oss.
På turinspirasjon.net finn eg kart og opplysningar om turar i Rogaland.
Kanskje du og får lyst til å besøkja ein av desse turmåla.
GOD TUR!