onsdag 25. mai 2011

grått i grått, og litt blått

 Det er fint å gå under himmel så grå,
det regnar og vinden aukar på

- frå havet kjem duren
omtrent som tåkeluren
.
 - bølgjer, sand og himmel
som ein grå vrimmel
.
 - eg går og eg går
vinden ruskar i mitt hår
.
 - så lenge eg ser mot sør
er havet eit evigt rør
.
 - eg snur mot nord nå
og ser ein himmel så blå
 .
- sola ho skin
gjer naturen så fin

- her er fargane mange
som mitt auga kan fange...
.
Det er fint å gå langs havet på slike dagar og.

mandag 23. mai 2011

Blått hav, blå himmel, sand, stein, og to tre blomar...

Ei morgonstund på stranda.
.
- sjå blått hav og kvite bølgetopper
.
 - gå på ei strand der alle spor er viska ut
.
 - sjå på bølgjene som bryt innover mot stein og sand
.
 - kjenna vinden ruska i mitt hår
.
 -  gå i sanddynene
.
 - sjå på fargerike blomar som veks mellom gras og strå
.
- ein slik tur er ein god og flott måte å starta dagen på. 

søndag 22. mai 2011

Roser


Vakre roser frå meg
med ynskje om ein god kveld til deg.

fredag 20. mai 2011

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

 Tungenes, Randaberg
er det nordligaste punktet på Jæren.
.
Me parkerer bilen i Tungevågen
.
 går på vegen ved berga her på neset
.
 langs Byfjorden
.
 Tungenes fyrstasjon starta som et talglys i et loftvindu hos Eivind Tunge.
Etter 150 års drift som fyrstasjon er staden blitt ei idyllisk kystperle
som med museumsdrift,
kunstgalleri og naturopplevelsar lokker mange til seg.

.
- ein innebygd hage, med le frå vind frå omtrent alle kantar
vert omkransa av bygningane
.
På framsida av fyret er det og innegjerda hage
.
- ein flott og staseleg fyrstasjon
.
- fyret ligg i havkanten,
her er det nok verhardt på ruskeværs dagar.
.
 - etter ein kopp kaffi i eit av husa, går vi tilbake langs fjorden
.
 og ser på båtane som fer inn og utover i fjorden.
 .
Me tok kortaste vegen ut til fyret og tilbake,
her er og mulighet for å ein lengre tur rundt neset.
.
Tuesn takk for alle kommentarar her i bloggen, på facebook og elles.
Det er kjekt at så mange har lyst å "vera med" på turane mine.
God fredag og god helg.

torsdag 19. mai 2011

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

 Tananger indre havn i Sola Kommune,
.
har lange maritime tradisjonar.
.
  Kjent som gamal losstad der det har vore tidsepokar
innan salg og eksport av hummar, sildefiske.
.
Staden har fortsatt to reketrålarar
der ein har mulighet til å kjøpe skalldyr og fisk.
.
Her finns ei kystkultursamling med gamle båtar,
. redskap og mykje informasjon om Tananger si historie.
.
Her er og ei gjestehavn med plass til 20-25 gjester.
.
Ei koselig havn å vandra rundt i.

onsdag 18. mai 2011

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

 I Stavanger kommune finn ein Hafrsfjord
.
Innerst i fjorden står tre sverd på eit lite berg
.
 " Sverd i fjell"
til minne om slaget i Hafrsfjord i 872
då Harald Hårfagre samla Norge til eit rike.
.
 Det største sverden representerar den seirande kongen
medan dei to andre symboliserar dei tapande småkongane.
.
 Minnesmerket er og eit fredssymbol,
.
sverda er sett ned i fjellet for at dei aldri meir skulle brukast.

tirsdag 17. mai 2011

HURRA FOR 17. MAI

- og gratulera med dagen.
.

Eg vil ynskja alle ein fin nasjonaldag.!