søndag 18. juli 2010

På reise

Våre gjester har lenge hatt eit ynskje
om å besøka Bergen by.
.
Med hjelp frå slekta her i Hordaland
har me no ordna det slik at dei får oppfyllt dette ønsket.
.
Me er no innkvartert nord for Bergen,
hos min bror.
.
Regn har vel prega det meste av dagen,
.
men etter at vi kom fram
skein sola og vi rusla ein tur.
.
Våre venner bur langt frå sjøen,
er vande med motorvegar og beine vegar
.
- ein kan trygt sei, at bare reisa hit ut "på landet"
vart ein stor og "nervøs" opplevelse.
.

Når ein ser bort frå dei trafikkale forhold,
fann dei området interessant og flott.
.
Mørke skyer hang igjen over området

og turen vår ender her.
.

Litt utpå kvelden skein det opp på ny...
.
God søndag!

fredag 16. juli 2010

Regnversdag

Kuling frå sørvest og kraftige regnbøyer
.
slik viste moder Norge seg for våre gjester ved ankomst.
.

Vi køyrde dei i møte
.
og her på Runaskaret 275moh
.
var eg ute ein kort tur mellom bygene.
.

Eg vil ynskja alle ei god helg!

torsdag 15. juli 2010

sommargjester på veg.

Det har vore stille frå denne kanten i det siste.
men det har nok mest med prioritering å gjera.
.
I dag får me besøk av ein tysk familie på 4,
som skal bu hos oss i 15 dagar.
.
Noko vi gler oss mykje til,
men som og krev litt forberedelser og planleggjing.
.
No når alle førebuingane er unnagjort
og gjestene er på plass,
vert det nok turar til fjells og til vanns.
.
Eg viser stolt fram vår vakre natur,
og lagar norske tradisjolle matrettar
- vi startar allerede i morgon med vår julemiddag,
pinnekjøt, riskrem og selvfølgeleg juleleikar...
Det er enklare å visa det, enn å forklara med ord.
.
Det er ikkje første gongen dei er her,
og dei har ytra ønske om kjøttkaker, kvit saus med skaldyr og skjell,
sågar rømmegrauten vil dei gjerne ha igjen.
Eg tykkjer det er morro at dei set pris på den norske maten.
.
det vert nok litt travelt - på ein kjekk måte -
.

men eg skal prøva å stikka innom
og fortelja litt om våre turar.
.
Eg vil ynskja alle gode sommardagar
og god ferie til den som måtte ha det.

torsdag 8. juli 2010

Jonsokblom

Til dette verneverdige gardsbruket
på Serigstad i Time,
.
har det dei siste dagane
kome ein del besøk
.
kattepusen på garden
.
Årsaken til all ståheien her
.
er denne vesle blomen
.
Jonsokblomen er nesten borte på Jæren
og her på bruket finns ennå nokre få planter
- litt pjuskete etter regnet dei siste dagane
.
turen går vidare,
ned til Frøylandsvatnet
.
her er eit rikt fugleliv
- det sang og kvitra frå alle kantar.
.
kornet vaia så flott i vinden
.
ein sommarettermiddags rusletur......

søndag 4. juli 2010

morgontur

I dag tidleg var gjekk eg tur på stranda
nesten før hanen gol....
.
og merkeleg nok var eg ikkje heilt åleine...
.
blomar og blad strekkte seg mot dei varme solstrålene
.
ei blåklokke ville opp mellom gras og strå
.
morgondoggen låg fortsatt på blomar og gras
.
havet var stille
.
og bølgjene rulla sakte inn mot land
.



ein god start på ein fin dag.

torsdag 1. juli 2010

Rusletur på igjengrodde stier. 2

Ved kvar ein steingard
finn ein og ei grind
eller eit lè som ein sa her før
.
når ein rusler på igjengrodde stiar
.
går ein og igjennom eller langs
igjengrodde grindar
.
somme stadar er grindane fortsatt i bruk
.
eller erstatta med nyare utgaver.
.
Markalèet er grinda til utmarka
eller udyrka mark
.
der dyra går på beite.
.
På igjengrodde stiar ved igjengrodde grindar
kan ein la tankane fly
og tenkja på det som ein gong var
då grinda var i bruk.
.
Kanskje det var her dei møttest
jente og gut
når dagens arbeid var over
- ein midtsommar kveld.

onsdag 30. juni 2010

Rusletur på igjengrodde stier.

imellom og langs steingardane
her på gardsbruka
finns stiar som no er lite brukt
.

i tidlegare tider førte dei buskapen her
.
eller så vart stiane brukte som veg for folket
.
i dag set ein seg i bilen
og køyrer på asfaltvegane
.
desse stiane er nok helst litt gløymde
og folket "misser" ein del av alt fine her
.
med traktoren går det avgårde i full fart
på større vegar mellom åker og eng
.
bonden har nok og gløymt
ein del av det som ein gong var
.
då han bar ljåen på aksla
.
eller rusla bak hest og vogn
.
det er eigentleg ganske fredfullt å gå her
å studera livet blant blomar og blad
høyrar fuglane kvitra og insekt som summar
.
kjenna lukta av tørka gras
og sola som varmar om kinn.