søndag 6. september 2026

Kjervall, Egersund

Turen går i dag til Kjervall, Egersund
Eit lite nedlagt gardsbruk,
som vi får lov å bruke, av eigaren.
For nokre år sidan,
var vi her ofte,
men ting endrer seg,
og det er ikkje lenger naturleg å reisa hit så mykje. 
Eg sender sjåføren innover med bilen,
og går siste stykket.
Kjervall er ein fin plass,
der roen senker seg,
og ein kan bare nyta.
Det er ca eit par år sidan eg lufta speilrefleks kameraet sist,
så eg kjenner at kunnskap må hentast fram att.
det går mot haust,
og allerede nå er det litt haustfarger

                              







når bilen stopper på tunet kjem sauene springane,
dei lager mykje lyd,
eit signal til alle dei andre
- dei trur det er mat å få,
og kjem etter oss kor vi går,
- på utsida av gjerdet rundt tunet





dei har store beiteområde,
men det smaker visst bedre, det utanfor gjerdet


to tek livet med ro,
og får med seg alt frå sin plass,
innimellom trea
litt "lange i maska" ser dei oss avgårde
denne hadde sitt å sei, for vi drog...
dette er eit populært turområde,
og ein kan gå til fleire turmål,
utfrå "bilveien" innover.
God søndag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar