søndag 15. mai 2011

Rogaland rundt - langs kyst og fjord

 Vi er no komne til fylkesgrensa Rogaland - Vest Agder.
I følge kartet går grensa midt i fjord/elv og vatn
eit stykke innover i landet.
Åna Sira er ei lita bygd på ca 280 innbyggjarar.
.
 Elva Sira deler bygda i to
.
 her står eg i Vest Agder og tek bilete av Rogaland delen...
.
 Kyrkja er plassert på i Rogaland, ho stod ferdig i 1888
.
 Me køyrer innover i landet langs elva Sira.
.
 Åna Sira Kraftstasjon ligg i vest Agder
og utnytter eit fall på 48 meter
.
 - der elva renn ut av Lundevatnet.
.
Turen heimover går langs riksveg 44
opp bakkar og ned bakkar, og mange svingar.
Ein fin veg å køyra om ein vil sjå seg om, og har tid til å stoppa undervegs.
.
Eg skal no ta fatt på den delen av Rogaland
som ligg nordanfor mi heimbygd.
Korleis ruta vert er ikkje heilt avgjort enno, men har sett meg ut nokre plasser eg vil ta turen til.
Eg er mindre kjent her,
så kom gjerne med tips om stadar de meiner vil vera interessante  å besøkja.

5 kommentarer:

  1. Nice landscape Ruth.....good photo's

    Regards, Joop

    SvarSlett
  2. Alltid like spennende å se hvor turen har gått, og flotte bilder har det blitt Ruth.
    Ønsker deg ei fin uke.
    Berit.

    SvarSlett
  3. Veldig flotte bilete!
    For eit land vi bur i :-)

    God 17.mai!

    SvarSlett
  4. Jag älskar att följa med på dina turer. Men jag har lite svårt att placera dem på kartan.
    Önskar dej en skön vecka.
    Kram Birgitta

    SvarSlett
  5. Takker for den flotte turen igjen. Åna Sira har eg hört om, men aldrig värt der. Ser ut å väre vert ett besök.
    Liker nest siste bildet. Får liksom for meg at i horisinten der detter vannet rett ner. At det liksom tar stopp der. Er det der du har kraftstasjon?

    Skal bli spennende å se hvor turen går neste gang.
    Klem fra Synnöve.

    SvarSlett