I dag startar turen her, i bakken ovanfor Obrestad havn,
eg går i nordleg retning, mot neset på andre sida av vika.
- eg passerer havna
- på stranda er det eit yrande fugleliv
- det første stykket gjekk eg på asfalt og grusveg,
frå stranda på Obrestad går stien langs utmark og beite
- eg runder første neset - og ser mot Obrestad fyr
- her kan ein gå opp til fyret, og vidare på hovudvegen mot Hå Gamle Prestegard.
- eg går vidare nede ved sjøen
- eg runder neste nes, og ser mot Hå Gamle Prestegard
- eg passerar steinen der Kong Harald og Dronning Sonja skreiv navna sine,
då dei besøkte Hå kommune og Hå Gamle prestegard
- stien går no langs beitemark der dyra går ute
- eit ar av dyra følgte meg over heile marka og såg meg vel avgårde vidare på turen....
- eg går gjennom tunet på Hå Gamle Prestegard
- fram til no har eg gått langs eit stykke av
Kongeveien
( Kvassheim - Hå Gamle Prestegard )
- eg går vidare på grusveg - på hengebrua over Hå elva
- eg ser ned til Håtangen/Voien som ligg ved utløpet av Hå elva
- på Nærland vandrer eg langs steingard etter steingard
- til eg kjem til Nærland strand
- eg går eit kort stykke på stranda, før eg svingar opp på vegen,
og går mot hovudvegen for å finna min sjåfør - som ventar å meg der....
Turen er lett å gå, og passer for store og små.
Somme plasser var det ennå ganske vått,
men det tørkar nok opp om vi bare får litt sol og varme.