Det er ferietid og gjester i heimen,
då blir dagane litt annleis enn vanleg.
Eg har vore ut på på to hjul og to bein sidan sist.
I dag var det grått når eg tok avgårde,
men når eg kom til stranda,
var sola på veg gjennom skylaget.
Bølgjene rulla langt innover strendene
lyset endra seg, og det vart magisk:
lys, skyer, vannspegling
fuglar i vannkanten og duren frå havet
Det vart mange fotostopp
og mange inntrykk å ta inn
lyden frå sjøen var sterk
likevel var det stillhet og ro som prega landskapet
Når det gjeld aktivitet og framgang
så er eg nok kanskje eit steg bak.
Eg må bare innsjå at kroppen er prega av alder og år,
og treng å venna seg til så mykje bevegelse igjen.
Eg kan ikkje bare dure på,
men ta det steg for steg, i rolig tempo :) :)
Om runden vart litt kortare i dag,
kan ingen ta frå meg opplevelsane eg fekk undervegs.
Naturen har så mykje å by på,
både for kropp og sjel.
Lag deg ein god dag der du er.















Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar