lørdag 25. august 2012

Morgentur ved sjøen

 Sola er i ferd med å koma gjennom skylaget,
då eg starta min tur ved sjøen.
Utgangspunktet er Nærland strand.
- på denne tida av året er det veldig mange fuglar på Nærland.
Fuglane gjer eit stopp her, 
for å eta seg gode og mette, før dei dreg vidare sørover.
- eg møtte to karer med kikkert og kamera,
- dei fortalde at i denne mørke halvråtne taren, er det ei rik proteinkjelde for fuglane.
Det vil sei: om ein lyfter litt i taren, vil ein sjå den kvite makken som fuglane et....
  - eg går vidare til Selvåg strand
 - og til Håtangen/Voien
 - her vart eg gåande fram og tilbake ved utløpet av Håelva
 - og fann stadig nye fine motiv med nausta i bakgrunnen
- ein fin og god start på dagen....

3 kommentarer:

  1. Så dejlig en måde at starte dagen på...smukke billeder fra stranden! God søndag til dig!

    SvarSlett
  2. Du bor jammen fint til, som kan rusle en morgentur i et slikt flott område! Takk for turen! :)

    SvarSlett