Det har regna i bøtter og spann i fleire dagar, her på Jæren.
Mange stader er bondens mark og eng overfyllt med vatn.
Her som eg bur, er det litt kuppert,
og det er ikkje den første plassen vatnet samlar seg,
men etter så mykje nedbør har vi fått vår del vi og....
Med regnklede og vanntette sko,
rusla eg rundt om på våre jorder og veier.
- langs steingard og visna gras
- den velse bekken i botnen av bakken,
har gått over sine bredder og laga seg nye veier...
- enkelte av jorda hadde fått nye "innsjøer"
- buskar og tre var tunge av regndråper
- dyra er no sett på bås, markene er tomme
- det visna graset, vert som ein frageklatt mitt i det grå og våte landskapet
- naboen sine jorder er og fyllte med vatn....
- det er fint å gå ute på slike dagar og.....