torsdag 7. februar 2013

Rogaland rundt - langs kyst og fjord....

Apalvik i Vindafjord Kommune
Frå huset oppe i lia, der sola enno ikkje slepp til,
ser eg ut over den vesle bygda Apalvik
 - her er god utsikt utover fjorden
 - i bygda finns enno nokre småbruk,
men her som andre plasser er det fråflytting og antal fastbuande minkar.
Hus og småbruk vert omgjort til hytter.
 - inne frå huset kan ein sjå plattformar som bevegar seg innover fjorden,
til Ølensvåg for å bli reparerte
 - frå huset oppe i lia tek eg ein spasertur
"Apalvik rundt"
Nede i vika skin sola på eine sida av "kanalen"
- eldre naust og trehus ligg nede i vannkanten
 - her finns nyare hytter til utlån...
 - utanfor moloen til Bjoa båthavn ser ein utover Bjoafjorden
 - innover fjorden og over på andre sida,
ligg Matrefjella, Hordaland fylke
- i Matrefjella finn ein fjellet "Mannen"
- ser du han?
 - øya Bleng i Bjoafjorden høyrer til i Rogaland fylke,
fylkesgrensa til Hordaland går midtfjords.
 - Bjoa havn
 - deler av havna ligg på "skyggesida"
- sola er borte ca 6 veker om vinteren
 Bleng og Bjoafjorden sett oppe frå lia
 - min rundtur i Apalvik er over for denne gong.
Det kan nok henda at turen går til Apalvik seinare, 
når det er blitt varmare i veret og sjølivet er i full gang.....

5 kommentarer:

  1. Kjekt å bli med Rogaland rundt :)
    Masse fint frå Apalvik :)

    SvarSlett
  2. Nydeleg!

    Takk for rundturen!

    Stilig at det er fleire plassar som heiter Apalvik :-)

    Fin kveld!!

    SvarSlett
  3. Beautiful pictures and a nice place!
    Greetings from Portugal!

    SvarSlett
  4. For noen bilder Ruth. Tror eg o må ta meg ein tur te Apalvik når våren komme.

    Ka kamerautstyr e det du operere med.

    Ha ein fine tirsdag.

    SvarSlett