søndag 21. februar 2010

Glutenfri bakst

Så lenge faster levde, baka ho og mannen Kåre
lefser, krotakaker og potetkaker til "halve" Jæren.
Eit par gonger var eg heldig å få vera med dei for å læra.


Den lærdommen var god å ha,
når eg for første gong skulle prøva meg på eigahand,
på glutenfrie krotakaker/vestlandslefser.
.
for å få fine runde lefser
måtte ein laga runde boller og klappa dei flate -
sa alltid faster

"det er ikkje alt som kjem på vaglet" sa faster
og med det meinte ho at ikkje alle kakene var gode nok for salg.


Eg prøvde først med så store kaker som det stod i oppskrifta.
Dei vart for store og vanskelege å handtera.
Eg halvverte størrelsen, og då gjekk alt mykje bedre.

Resultatet vart ganske bra tilslutt.
Eg må nok øva meg nokre gonger,
før kakene vert runde og fine som faster sine.
....
Eg fekk så mange krotakaker at eg kunne dela med meg
til 2 andre husstandar som og bruker glutenfritt.
Halvparten av min del åt mannen og eg opp,
resten er ferdig smurt og ligg i frysa.
.....
God søndag.

9 kommentarer:

  1. Så dyktig du er.
    Har du ei oppskrift du vil dele?
    Svigerinna mi tåler ikkje gluten. Ha vore kjekt å overaske ho med noko godt :-)

    SvarSlett
  2. Krotakaer er godt. Flink du som baker slikt.
    Har takke, men bruker den aldri. Spørs om jeg ikke må ta den i bruk snart.
    Ønsker deg en god dag :)

    SvarSlett
  3. Ser gode og indbydende ud dine glutenfrie brød... De kunne sagtens være til salgs, så fine der er...

    SvarSlett
  4. Åh, nå blev eg sulten på lefser....
    Slike bakte bestermor mi alltid. Hvad har du smurt dem med?
    Smör, sukker og kanel?
    Neste gang du baker så si fra. Vil gjerne ha oppskrifta.
    Klems Synnöve.

    SvarSlett
  5. Dette så godt ut! Jeg har bakt mye lefser, men ikke disse. Vet ikke helt hva krotakaker er?
    -Margit-

    SvarSlett
  6. Ser jo godt ut dette .. og smurte lefser er jo godt .. :o)

    Heldig du som har lært deg denne kunsten :o)

    Ha ei fin ny uke!

    SvarSlett
  7. De ser jättegoda och så runda och fina du fått dem är det hårt eller mjukt tunnbröd? Min man tål inte gluten och han är less på Sempers hårda bröd allt annant bakar jag till honom men detta var nytt för mig. Har du receptet på dem undrar Caisa Dieserud i Sverige.
    caisa.dieserud@telia.com

    SvarSlett
  8. Hei Ruth! Du MÅ legge ut oppskrift! Dette vil eg prøve.

    Smil fra L

    SvarSlett
  9. Hello! I wish I could read it! but I love homemade pastries and your pictures make me really hungry!

    SvarSlett