torsdag 13. mars 2014

På tur i Anisdalheia, Hå Kommune

Med utgangspunkt frå Holmavatn i Hå Kommune,
går turern innover Anisdalheia
 - det er ein fin vårdag på Jæren,
vindstille, bekkebrus, fuglesang og sol som varmer om kinn.
Alle vatna er speilblanke, 
noko som ikkje skjer så ofte her
 - det vått og sorpete mange stader,
og ein må gå eit stykke utanfor stien,
 for å koma seg tørrskodd forbi det våte området
- fleire stadar er det laga ein sti av store steinar
- eg kom til å tenje på dei "tre bukkene bruse"
når eg gjekk på desse "stiane"
 - gjerdeklyvarar finn ein fleire av her også
 - nok ei myr og steinsti
 - terrenget er ikkje heilt flatt,
- dette området er det største gjenværende lyngheilandskapet på Jæren
 - snart ved dagen mål
 - her er og laga ein steinsti over det våte området
slik at ein kjem heilt fram til steindama
- " Mor Norge" eller Steinkjerringa
- er laga av kunstnaren Sigurd Sørendsen i 1898-1899 og han kalla skulpturen "Fortiden"
-nokre ungdommar på Jæren kjøpte dama og kalla henne for "Mor Norge"
Ungdommane fekk dama sendt med tog frå Stavanger til Vigrestad
og brukte eit par vintrar til å frakte Steinkjerringa opp i heia, med hest og slede.
Steinkjerringa vart delt i tre, og alle delane var på plass i 1927
 - Steinkjerringa er plassert med ansiktet vendt mot havet
 - etter ein god rast i sola, tek eg fatt på returen
 - her er heilt stille 
 -Synesvarden - den høgaste toppen på biletet,
er ein av mange turar ein kan gå i dette området
- halvvegs på tilbaketuren møtte 5-6 sjeler,
før det hadde eg heia for meg sjølv.....
  - dagens tur er snart over
- eg passerar Hommeltjern og er snart tilbake ved Holmavatn
- ein fin tur, som passer for store og små

3 kommentarer:

  1. Flott bildeserie! liker kombinasjonen av blått og brunt :) Litt av en location du har funnet her :)

    SvarSlett
  2. Må ha vært en flott dag!
    Herlige bilder, flotte, skarpe farger!

    SvarSlett
  3. Ser bildene dine og tenker at jeg bare må komme meg til Jæren en dag for litt foto, så fascinerende ett landskap, og jeg bare digger det rett og slett :-)

    SvarSlett