søndag 8. juni 2014

Volvotreff Røldal 2014

Dette er eit lengre innlegg om volvoar på volvotreff.
Mange av bilete er tekne i fart, 
gjennom bilruta, eller med strak arm ut gjennom sidevinduet.
.
7 volvoar i rekke og rad
 - på veg til Røldal og det 10. Røldalstreff
 - dei køyrer langs berg og fjell
- bakkar opp og bakkar ned
- ein campinplass er treffets samlingspunkt
- volvoar 7 vert etterkvart til mange
- snart står det volvoar parkert ved kvar ei hytte
- volvofolket studerer bilar og motor
-her er volvoar mange, både nye og gamle
- lørdag morgon
- sola er på veg opp og tunet er enno stille
- snart vert aktiviteten stor 
- volvoane samlast på parkeringsplassen
- før dei skal på tur
- ein etter ein dei ruller avgårde
- alle får med skjema med spørsmål og rom for aktivitetar
- som perler på ei snor, både liten og stor
- gjennom gamal bru
- langs vatn og snøkledde fjell
- rekka bak heng også med
- rekka stopper opp
- volvoane tek ein pause
- ved Flesefossen i Bratlandsdalen
- neste stopp ved Kilen og Hydro Energi, Røldal - Suldal kraft, Nesflaten
- Kontrollromet "Ufoen" er nylig prisbelønnet, 
og arkitekturen har fått ny oppmerksomhet
- ei praktisk oppgåve før vi køyrer tilbake
- nasen på bilen skal stoppast over sentrums sirkelen på teppet
- på smale veier 
 - gjennom vide dalar 
snart vi er tilbake og bilane får ein pause
- søndag morgon
- vert volvoane pakka fulle
- 7 volvoar reiser frå Røldal
- mot Rogaland og sine heimar på sørsida av fjorden
Heng du fortsatt med?
- då har du kanskje ein volvo sjølv, 
og har fått lyst å bli med til neste år....
du får meir informasjon på denne sida:
Kanskje vi sjåast til neste år!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar