fredag 15. august 2014

I Stavanger som turist....

Våre tyske gjester vil sjå seg om i Stavanger,
og eg er med som "kjentmann".
Vi rusler gjennom Gamle Stavanger
 - mine venner "spring" gatene opp og ned,
medan eg tek meg ein pause under treet på friområdet i gamlebyen.
Det er i grunnen ganske interessant å sitje der,
lytte til allverdens språk, stuedere turister med og utan kamera.
Enkelte er litt for nysjerrig og litt ufine i måten dei går fram på. 
Somme tider lurer eg på:
"kan vi alle kan oppføre oss slik når vi får eit kamera på magen?"
 - vi går ned Andesmauet
 - utanfor eit av huset finn eg trappa som gjev meg minner frå barndommen,
bestemor sitt hus hadde ei slik trappp, med eit par lause steinar.
Lyden frå dei lause steinane syng ennå i hovudet mitt
 - i Andesmauet som i resten av gamlebyen,
har eigarane av husa brukt mykje tid på å pynte utanfor husa
 - nede i vågen vert vi fasinerte av den gamle båten "Sandnes"
som gjer heilomvending i indre havn
 - og legg tilsutt til kaien på andre sida
 - gamal seibåt - mot nytt cruisebåt bak
begge rager høgt i lufta
 - deler av Stavanger Domkyrkje er under renovering
 - vi studerer dei sidene som ikkje er tildekte
 - ved Breiavatnet er det mangt å sjå på
 - ender, fontene, tre og blomar
 - mange motiv for alle med kamera på magen
 - nytt liv i gamalt tre
 - spegling i vatnet kan vera fint,
og i uroleg vatn
- Stavanger har mykje meir å by på,
men vi nådde ikkje over meir, denne dagen,

4 kommentarer:

  1. Stavanger er en flott by å være turist i.
    Var det for noen år siden. Mange flotte ting å se der.
    I gamlebyen er det ekstra flott syns jeg.
    Ønsker deg ei herlig helg :)

    SvarSlett
  2. Her var det virkelig noe å vise dine gjester! Kjempefine bilder som også jeg hadde glede av! Mye fint å se ellers også hos deg, bloggen har ikke blitt prioritert i sommer, været har vært så fint at jeg er mest ute. -Margit-

    SvarSlett
  3. Dette var mye på en dag.
    Flott by!

    Klem fra Ingunn

    SvarSlett
  4. Så koselig å rusle rundt i Stavanger med deg!
    Klem ;)

    SvarSlett