torsdag 21. januar 2016

Refnes strand i vinterdrakt

Turen går i dag på Refsnes strand, 
som har vinterkåpa på
 - det stille,
ein høyrer berre lyden av snøen som knirker
 for kvart steg ein tek
 - snøen har lagt seg på gras og strå,
noko som er uvanleg her på Jæren,
fordi vi har vanlegvis "alltid" meir eller mindre vind her
 - oppe frå sanddynene er det god utsikt ut over eit blått og stille hav
 - ein liten fugl tok seg ein pause tett ved gras og strå
å skue ut over havet, 
sjå på bølgjene som ruller stille mot land
lytte til roen,
kjenne sola som varmer
 gjev fred og ro i sinn og sjel
 - mange bølgjer på bryt på same tid
 - spor i snø og sand
 - kan nesten ikkje sjå meg mett på alt det fine eg har rundt meg
Ein av dei sjeldne vinterdagane på Jæren,
sol frå blå himmel, snø, 3-4 minugrader,
og ingen antydning til vind...
Føltes nesten litt som eit vårleg drag i lufta....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar