lørdag 20. februar 2016

Blått i blått og litt grått...

Det er like før solnedgang,
vinden rusker i mitt hår,
bølgjene slår kvite mot land.
Himmelen er mørk
ute i havet nesten svart,
uvær er på vei 
eller kanskje det reiser forbi...
 - ved første øyekast 
kan det sjå ut som om himmelen ute i havet
er som ein stor mørk vegg,
- når ein ser litt nærmere etter,
er nyansene og fasongene på skyene
utruleg mange
 - vinden tek godt i bølgjene
 - sola gjer eit forsøk på å nå gjennom skylaget
 - i sør kan ein skimte at sola fargar kveldshimmelen
 - bølgjene slår langt inn på stranda
 - ein eller anna er med meg på turen...
ser du ansiktet?
 - mange fine mønster i sanden 
når bølgjene trekker seg ut mot havet att
 - sola har gått ned, 
godt gøymt bak store tunge regnskyer
Månen har starta på si nattevakt
- mørkret sig på, 
det er på tide å forlate stranda..

2 kommentarer:

  1. Kjempeflotte bilder! Tålmodighet må vel til. Tror ikke dette er gjort i en håndvending. Fint at du deler "blåtimen"!

    God helg fra Ingunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk.
      Eg kan nok ikkje skryta på meg all verden med tålmodighet. Eg tok bileta medan eg gjekk tur på stranda.
      God helg til deg og

      Slett