DAG 1
Sterk vind, 3-4 plussgrader
sandråk, haglbyger
Stormen Tor er på veg nordover,
men han har lange armar og fortsatt herjer han litt her sør og.
Sjøen er høg,
det er ikkje mulig å gå på stranda.
Sola er av og på,
lys, skyer og farger er i stadig endring
- delvis blå himmel og blasse farger
- sol på himelen og skugge på sjøen
- brått endrer lys og farger seg
- store skyer kjem sigande innover mot land
- skyene vert mørkare og mørkare
vinden aukar på
- snart er ei kraftig haglbyge over oss...
det er på tide å kome seg til bilen...
DAG 2
- sjøen har roa seg og minka litt,
- det er mulig å gå på stranda,
heilt tett inntil sanddynene
- sola skin innimellom
landskapet får fine sterke farger
ute i havet er himmelen mørk
- meir nedbør er i vente
-kan nesten ikkje sjå meg mettpå fargespelet,
på himmel, hav og land
- himmelen vert mørkare,
også inn mot land
- vinden aukar på
bølgjene slår igjen heilt inn mot sanddynene
- sjølv på uværsdagar er det godt å væra nær havet,
sjå på bølgjene som slår mot land.
kjenna lukt av salt hav,
kjenna vinden som tek tak,
lytta til havduren som endrer seg i takt med sol og regn
( vel, å få sand i munn, nase og i alle klede,
må vel kallast ein del av opplevelsen det og...)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar