fredag 16. september 2016

I solnedgangen

- på Nærland, Hå Kommune
Nok ein vakker "sommardag" på Jæren,
sol, varme og vindstille.
I kveldinga når eg tok turen til sjøen,
var det eit yrande liv langs strendene.
Store, små og firbeinte med
bada og kosa seg i kveldssola.
- ingen dis i kveld, 
så gradestokken viste nok fortsatt 22-23 grader 
etter solnedgang
 - Fuglane sat for det meste på sine steinar,
og tok livet med ro
 - eg slo meg ned i graset
og følgte sola på si ferd mot havet
- stillheten og roen senka seg
 - det er lisa for kropp og sjel
å bare sitje der 
ta til seg av lyder og farger rundt ein
 - kveldssola hadde ikkje den mest fargerike kåpa på,
men vakkert likevel
Vanlegvis når eg går langs stranda,
 hastar folk forbi,
med kanskje eit nikk eller hei i forbifarten.
- I kveld møtte og prata eg med fleire mennesker på min vei,
folk var glade og hadde god tid, 
dei leika og kosa seg med varme, sjø og sol.
Ein fin og god avslutning på ein herlig dag

2 kommentarer: