søndag 27. august 2017

Til fjells...

3 venninner på tur
alle er glad i naturen
men ikkje alle er like mobile.
Då er det fint at det finns plasser,
der ein kan kjøre "inn i naturen"
og få ein følelse av å vera "langt frå få folk"
med det same ein stig ut av bilen
 turen går til Fossmark i Forsand Kommune.
Veien innover går først langs Lysefjorden,
ved Eiane køyrer vi innover dalen 
og oppover lia
 det grått, det kjem nokre dråper,
men det gjer ikkje dagen mindre minnerik
 vatna innover var speilblanke
og ein kjenner på stillheten og roen som rår
 fotografen har leika seg litt med eit vannspeilingsbilete
 på toppen, på Skrøylå parkering
har vi lunsj
litt regn, og kva så
vi har berre ein liten "paraplypicnic"
 vi ser over Lysefjorden, 
der er Preikestolen
kan sjåast uten, men best med kikkert
 vi rusler litt innover,
så langt som damene orker 
ved "minipreikestolen" over Fossmark snur vi
 naturen er vill og vakker
i dette området treng ein ikkje gå langt 
for å få store opplevelser
 tilbake på Skrøyla sitter vi lenge og vel,
nyter utsikten, skravla går.
 vi tenker på nokre andre venner,
som tilfeldigvis har valgt dagen i dag,
til sin store utfordring,
dei skal gjera eit forsøk på å klara gå til Preikestolen.
 vi er ivrige med kikkert og kamera,
speider etter våre....
sjølv det faktisk ikkje er mulig med vårt utstyr,
til å sjå kven folk er oppå der...
Våre venner nådde toppen,
og det står respekt over den vilje av stål 
som er henta henta fram,
 for å få gjennomført ein av mange ønskedrømmer,
spesielt for en av våre venner.
Vi jubla på andre sida av fjorden, når den beskjeden kom...
for oss handla det i dag om å bruke dei muligheter som finns,
til å ta seg ut i naturen,
det handla om å bruke energi og den mobiliteten som finns,
til det ein har lyst å sjå,
utan å seg ut slite på å koma seg dit.
Ein fantastisk dag på alle måter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar