torsdag 26. mars 2020

Dagens... Bø 26.03.2020

Det går mot slutten av karantenetida,
Eg kjenner lysta til å gå tur andre stader,
blir sterkare for kvar dag.
Enn så lenge,
så vandrer eg på heimlege tufter
 i dag er det små ting,
som fanger mi interesse
steinen og festet til grinda,
er det einaste som er att av det gamle markaleet (grinda)
 mykje vind dei siste dagane,
har tørka ut mang ein søledam
 fotspor i det som var våt mold
 himmelen er blå/grå
og det heng ein dis i lufta
 mellom grass og stein
fann eg eit lite hjerte
 runden er ikkje så lang,
så det er eigentleg ikkje nødvendig med mat og drikke
(mest for fotoet si skuld)
eg pleier ikkje å sitje ned,
men det var ein del av turen i dag.
Sitje ned,
lytte til fuglane
kjenne roen
her inne i naturens "gapahuk"
 det er lenge sidan det gamle markaleet har vore i bruk
no står det der,
og minner om svunnen tid.
Ta vare på deg sjølv i desse tider,
bruk naturen for det den er verdt,
kort eller langt,
det er alltid noko der ute 
som kan vera til glede og oppmuntring,
eller som kan  få tankane over på andre ting.
Ha ein god ettermiddag/kveld der du er.

1 kommentar:

  1. Alltid hyggelig å se innom hos deg! Jeg bruker også naturen, og nå gleder jeg meg til å kunne gå tur i joggesko igjen. Mildværet de siste dagen har tæra på snøen her nede i bygda. På fjellet derimot er det mye snø.

    Klem

    SvarSlett